Inaktiv

VIl du arbeide på skulen vår?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
SFO - leiar - 100% vikariat
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

SFO - leiar - 100% vikariat

Om stillinga

Ved Lindås barneskule er det ledig stilling som SFO- leiar frå
1. juni 2024 - 31.07.2025.
Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod kor barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid.
Det er tillagt administrasjonstid til stillinga. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.

Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning, eller anna relevant erfaring og utdanning, som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO.

Skulen vår har eit levande miljø med 204 elevar fordelt på 7 trinn og 11 klassar. Vi har eit team på 22 pedagogar i tillegg til dyktige fagfolk, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen. Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.


Arbeidsoppgåver

  • det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
  • utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO- tida
  • sikre at SFO- tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld
  • vere ein del av skulen sitt leiarteam
  • ha ansvar for personalmøte og andre møte med tilsette og heimane
  • leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen
  • leie SFO- tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd
  • ansvar for vikarhenting ved fråvær i SFO- tida

Kvalifikasjonskrav

Kompetanse

• pedagogisk utdanning på bachelornivå eller anna relevant utdanning
• annan kompetanse kan og vere aktuell, til dømes fagbrev i barne- og ungdomsarbeid
• fordel med tidlegare erfaring frå SFO- drift, skule, eller anna pedagogisk verksemd
• må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
• ønskjeleg med administrativ erfaring og erfaring som arbeidsleiar
• utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein SFO- leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO- ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.


I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du kan trivast og utvikle deg.
  • Løn etter avtale, basert på dine kvalifikasjonar.
  • Pensjonsordning gjennom KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
  • Gode arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk.

Om arbeidsgiveren

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor
Offentlig
Sted
Krambuhaugen 43, 5955 Lindås
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Beate Rørdal
Stillingstittel
Rektor
Telefon
97 70 91 32
Følg firma
415 følger dette firmaet

Krambuhaugen 43, 5955 Lindås

Annonseinformasjon

FINN-kode 353147712
Sist endret 27. mai 2024 00:00

Rapporter annonse