Inaktiv

100% fast rådgjevar

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Plan, geodata og oppmåling
Stillingstittel
Plan, geodata og oppmåling
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 700 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

På avdeling for areal- og samfunnsplan er det 15 engasjerte tilsette med brei fagleg kompetanse. Avdelinga arbeider med eit stort spenn av plan- og geodataoppgåver, der både detaljreguleringar og overordna planar etter plan- og bygningslova inngår i porteføljen. Oppgåvene våre er relatert til arbeidsoppgåver som skal styrke både kunnskap- og plangrunnlaget for samfunnsutvikling i kommunen. Vi har spennande oppgåver innanfor utgreiing, analyse og utarbeiding av offentlege arealplanar, i tillegg til rettleiing og behandling av private planforslag. Avdelinga har i stor grad ei samordnande rolle og jobbar tverrfaglege med andre einingar og avdelingar i kommunen. Avdelinga har også eit utstrekt samarbeid med regionale og lokale utviklarar og samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og behandling av private reguleringsplanar, samarbeid og dialog med plankonsulentar og utbyggjarar.
  • Føring av kommunen sitt offentlege planregister
  • Samordning av kommunen sin fagkompetanse i plansaker og planprosessar i tilknyting til arealplanlegging
  • Tverrfagleg samarbeid for å utvikle fagmiljøet i kommunen

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Høgare utdanning innan t.d. fysisk planlegging, by- og regional planlegging, landskapsarkitektur, trafikkplanlegging, geografi, arkitekt, ingeniør.
  • Erfaring eller relevant utdanning som gir forståing for GIS-programvare og/eller planregister.
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Vera strukturert og sjølvstendig
  • Evna til raskt å setja seg inn i nye oppgåver
  • Vera serviceorientert og god på samhandling
  • Samfunnsengasjert
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avdelingsleiar areal- og samfunnsplan

Lena Svalastog Garnes

Epost:

Telefon: 56 16 01 88

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Eining for Plan, geodata og oppmåling er breitt falgeg samansett, med ansvar for m.a. areal- og samfunnsplanlegging, geodata, analysar og datafangst, oppmåling, matrikkelføring og adressering. I samband med kommunesamanslåing står avdelinga ovanfor mange nye og utfordrande oppgåver, der kvalitet i tenester og kartgrunnlag er sentralt.

Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Planlegger,
Rådgivning

Nøkkelord

rådgiver, rådgjevar, GIS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lena Svalastog Garnes
Telefon
56 16 01 88
Følg firma
325 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 353073588
Sist endret 29. mai 2024 00:00

Rapporter annonse