Inaktiv

Bli med å utvikle Helse Vest IKT si private sky!

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Vmware konsulent i Helse Vest IKT sin private sky
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest IKT sit med eit av dei mest komplekse IT-puslespela i Noreg. Når alle komponentar i eit datasenter er programvaredefinerte (SDDC) aukar kompleksiteten, og difor ønsker vi oss no entusiastiske kollegaer som vil utvikle kompetansen sin i SDDC-teamet vårt.

Teamet ligg under seksjonen Server og lagring, og tenesteområdet Privat sky. Området har ansvar for alt av on-prem-løysingar og består av fleire ulike plattform-team, frå Datasenter til Kubernetes. Det software-definerte datasenteret vårt er for tida basert på VMware-teknologi (vCloud Foundation).

Hos oss vil du kunne utvikle deg personleg og fagleg, og jobbe med spennande oppgåver i ein av dei største og mest komplekse IT-infrastrukturane i Noreg. Produkta vi brukar er frå øvste hylle.

I teamet vil du ha kollegaer i både Bergen, Førde og Stavanger, men dei fleste av oss sit i Bergen. Vi har nye, fine kontorlokale i Kronstad X som inviterer til utvikling og samarbeid. Privat sky leverer samfunnskritiske tenester og krev difor høg grad av sikkerheit og driftsstabilitet. Samtidig er det viktig at vi har ein god tone rundt kvarandre, og vi set pris på humor i teamet.

Vi ønsker å prate med både deg som har erfaring og deg som er nyutdanna.

Arbeidsstad er Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Utvikle automasjon og sjølvbetening.
  • Sentralisert drift og vidareutvikling.
  • Kontinuerlig oppfølgingog forbetring av IKT-sikkerheit.
  • Kunnskapsdeling (GitOps).
  • Endringshandtering (ITIL) og preventivt vedlikehald.

Kvalifikasjonar

  • IT- eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • Erfaring med og kompetanse om VMware sitt datasenterprodukt, vCloud Foundation(ESXi, vSAN, NSX-T,..)
  • Fordel med erfaring frå drift i større miljø.
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg, er eit krav for denne stillinga.
  • Søkaren må kunne tilgangsklarerast jf. Verksemdsforskrifta §69.
    https://lovdata.no/forskrift/2018-12-20-2053/§69

Personlege eigenskapar vi ser etter

  • Har eit framtidsretta tankesett, er nyfiken på ny teknologi og open for nye utfordringar. Produkt og teknologi er i ei rivande utvikling, vi må vere opne og villige til å sjå på alternative måtar å produsere tenestene våre på.
  • Likar struktur og orden. Både stillinga og kundane våre stiller store krav til planmessigheit og pålitelegheit, spesielt når det gjeld tenestene vi leverer.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Set kunnskapsdeling høgt.
  • Har respekt for andre sine tankar og meiningar.
  • Er ein triveleg person som likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

  • Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle".
  • Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering.
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
  • Gode kurs- og konferansemoglegheiter.
  • Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
  • Nye, gode kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine.
  • Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut.
  • Løn etter avtale.
  • Overtidskompensasjon.
  • Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
  • Moglegheit for telefon og breibandstøtte.

Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kronstad X - Inndalsveien 6, 5063 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Konsulent, Vmware, SDDC, Sky

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Fredrikson
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
93 24 96 85
Kontaktperson
Ivan Dyb Holmedal
Stillingstittel
Ass. Seksjonsleiar
Telefon
90 60 22 28
Følg firma
828 følger dette firmaet

Kronstad X - Inndalsveien 6, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353070338
Sist endret 28. mai 2024 00:00

Rapporter annonse