Inaktiv

Reinhaldsoperatør/Reinhaldar-SNR (Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal)

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/Reinhaldar-SNR (Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal)
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Det nye SjukehusetNordmøre og Romsdal (SNR)skal stå klart våren 2025 som nytt felles akuttsjukehus på Hjelset inkludert psykiatri- og habiliteringstenester (SNR Hjelset). I Kristiansund skal det vere polikliniske tenester, dagbehandling og dagkirurgi (SNR Kristiansund).
Sjukehus og helseinstitusjonar har spesielle krav til reinhald og hygiene som skal tilfredstillast. Nye flotte bygg og moderne utstyr og maskiner skal takast i bruk for eit godt og miljøvennleg reinhald. Seksjon for reinhald vart etablert i april 2024, og reinhaldstenestene i SNR skal utførast i eigen regi frå 1.oktober 2024.

Vi skal tilsette fleire reinhaldsoperatørar/reinhaldarar både i faste og midlertidige stillingar.

Vi søkjer personar som har interesse og brenn for reinhaldsfaget, og i tillegg ynskjer å vere ein del av eit stort fagmiljø. Det er behov for tilsette ved Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus, SNR Hjelset og ved Distrikstpsykiatriske senter (DPS) i Kristiansund og Molde.

Klinikk for drift og eigedom er organisert i tre avdelingar med underliggande seksjonar. Seksjon for reinhald høyrer til avdeling for kjøkken og internservice.
Tenestene skal støtte opp om god og trygg pasientbehandling.

Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre reinhald i samsvar med reinhaldsplan (CleanPilot)
  • Dagleg og periodisk reinhald
  • Vedlikehaldsoppgåver
  • Smittereinhald
  • Akuttreinhald
  • Hovudreinhald
  • Vindusvask
  • Dag-, kvelds-, og helgevakter

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring innan reinhaldtenester
  • God teknisk forståing

Ynskjeleg:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Erfaring frå reinhald i sjukehus
  • NS INSTA 800

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde:
  • Strukturert
  • Proaktiv
  • Sjølvstendig, systematisk og engasjert
  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Tåler høgt arbeidstempo
  • Taklar fleire oppgaver om gongen
  • Profesjonell og serviceinnstilt i møte med kollegaer, pasientar og leverandørar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Spennende jobb med varierte arbeidsoppgaver i ein stor organisasjon
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 
 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
20
Sted
6450 Hjelset
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Marie Aandal
Stillingstittel
Konstituert seksjonsleiar
Telefon
93 27 19 74
Kontaktperson
Jørn-Kåre Aase
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
41 69 72 73
Følg firma
217 følger dette firmaet

6450 Hjelset

Annonseinformasjon

FINN-kode 353065966
Sist endret 1. jun. 2024 00:00

Rapporter annonse