Eksamenskoordinator
Universitetet i Stavanger
- Frist 10.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med studenter som tar høyere utdanning innenfor helsefag?
Eksamenskoordinator
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig fast stilling som eksamenskoordinator ved Det helsevitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Stillinga er ledig frå 1. august 2024.
Som eksamenskoordinator vil du få ein variert, spennande og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar høgare utdanning innanfor helsefag. Du vil få koordineringsansvar for eksamen på emne/studieprogram innanfor helsefag, i tett samarbeid med dei vitskapleg tilsette og øvrige tilsette ved fakultetet.
Vi ser etter deg som er ein naturleg relasjonsbyggar, har evna til klar kommunikasjon og som er komfortabel med å ta sjølvstendige avgjerder. Du bør også vera strukturert og trivast med å jobba i ulike digitale system og verktøy. Vi tilbyr eit arbeidsmiljø med høg takhøgd, som er oppteken av godt samarbeid og å hjelpa kvarandre. Vi engasjerer oss for studentane og liker å ta del i alt det spennande som skjer på Det helsevitskaplege fakultetet. (https://www.uis.no/nb/det-helsevitskaplege-fakultet)
Hovudoppgåver
- delta i planlegging og avvikling av eksamen
- informere og rettleie studentar om plikter og retter etter lov og regelverk
- saksbehandle og følge opp klagesaker om sensur og karaktersetting
- registrere eksamensresultat
- utarbeide kontraktar med sensorar
- etablere og ha oversikt over eksamensplanen til fakultetet
- utviklingsoppgåver innanfor ansvarsområdet, inkludert effektivisering og digitalisering
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innanfor relevant fagområde. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring frå offentleg forvaltning
- erfaring med bruk av relevante IT-verktøy, så som FS og Inspera
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er strukturert og målretta
- har gode relasjonelle eigenskaper
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig og effektivt
- er proaktiv og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- løn som førstekonsulent etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 460 000 - 550 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/).
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til fakultetsdirektør Arne Endresen, tlf: 51831557, e-post: arne.endresen@uis.no.
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til senior HR-rådgjevar Christina Storm, tlf: 51831753, e-post: christina.storm@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Det helsevitenskapelige fakultet tilbyr bachelorutdanninger i sjukepleie og paramedisin, mastergradsutdanningar i helsevitskap, i helsesjukepleie, i jordmorfag, i rus og psykisk helsearbeid, i prehospitale tenester og i sjukepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie, og dessutan vidareutdanning i kreftsjukepleie. Vidare blir tilbode forskarutdanning (PhD) i helse og medisin og forskarskulen PROFRES - Nasjonal forskarskule for profesjonsrettet og praksisnær forsking på områda helsa, velferd og utdanning. Fakultetet har følgjande programområde for forsking: Profesjonelle relasjonar i velferdsyrker, Helsefremming ved kroniske plager, E-læring, omsorgsteknologi og Simulering, Livsfenomener og omsorg, og Samfunnsdeltakelse i skule og arbeidsliv. Forskingssenteret SHARE - Senter for kvalitet og sikkerheit i helsetenesta er òg heimehøyrande ved fakultetet. Det er i dag ca. 250 tilsette (inklusiv stipendiatar og postdoktorar) og ca. 1.400 studentar tilknytta fakultetet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Adresse mangler, 4036 Stavanger
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 353023318
- Sist endret