Konsulent VA

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Stillingstittel
Konsulent VA
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.

Organisasjonen har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø.

Konsulent VA
Vi ser etter ein motivert medarbeidar til 100% fast stilling til å ta del i vårt team som arbeider med forvaltning på VA området.

Arbeidsstad:
Nye kontorlokaler i Mobergsbakken 109, like ved nye E39.

Arbeidsoppgåver:
Varierte oppgåver innan forvaltning VA. Som til dømes:

  • Administrering og fakturering av kommunale gebyr
  • Sakshandsaming
  • Behandle hendvendelsar frå innbyggjarar
  • Vedlikehald av fagprogram
  • Andre forfallande oppgåver innan VA- området

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig høgskuleutdanning er ønskeleg, men relevant erfaring kan kompensere for dette
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid
  • God gjennomføringsevne
  • Strukturert og systematisk
  • Trives med samarbeid, men og ha evne til å jobbe sjølvstendig
  • Fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Både erfarne og nyutdanna oppfordrast til å søkje

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Moderne kontorfasilitetar og gode parkeringsforhold
  • Eit triveleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Ein variert arbeidsdag i eit etablert fagmiljø

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Industrivegen 96, 5210 Os
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

kontor, fakturering, data

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Einingsleiar Agnete Haugland
Telefon
95 23 14 42
Følg firma
490 følger dette firmaet

Industrivegen 96, 5210 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 352922242
Sist endret 13. mai 2024 13:20

Rapporter annonse