Har du engasjement for barne og unge si psykiske helse?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Psykolog / Psykologspesialist
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Psykolog / Psykologspesialist

Alver kommune ( som ligg ca 30 min frå Bergen) har no ledig vikariat som kommunepsykolog for born og unge. Vikariatet varer til august 2025.

Psykologen vil inngå i eit team av 4 psykologar som arbeider for å styrke kvalitet i kommunen sitt heilhetlege arbeid innan psykisk helsearbeid og rusvern.

Pr. i dag består tenesta av ein psykologspesialist og fire psykiatrisk sjukepleiar med fokus på tilbod til vaksne samt to psykologspesialistar som har hovedfokus på born og unge. Lågterskeltilbodet er retta mot personar med risiko for å utvikle, og/eller som har utvikla problem knytt til psykisk helse og/eller rusbruk.

Du vil som kommunepsykolog yte tenester til enkeltpersonar, familiar, pårørande, grupper og i nokre høve heile befolkninga. Vidare er det ønskjeleg at du bidreg med rettleiing inn mot kommunen sine verksemder, team og anna helsepersonell.

Kommunepsykologane er formelt organisert i tenesteområdet for psykisk helse og rus og har kontorstad i Knarvik nord for Bergen. Knarvik er lett tilgjengelig både gjennom bruk av bil, buss eller båt (reiseveg ca. 30 min frå Bergen). Vi er samlokalisert med spesialisthelseteneste (BUP og DPS), legar og andre kommunale tenester (Helsestasjon, PPT og Barnevern) i vårt nye Helsehus.


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Kven er du?

Du er ein lagspelar og samarbeider godt både med kollegaer på kontoret, samarbeidspartnare i kommunen og i andre helseinstitusjonar. Du er faglig trygg og trivst med å jobbe sjølvstendig.


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi tilbyr

Du vil bli del av eit godt samansveisa team med etablerte strukturar for samarbeid og rettleiing.

Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

God pensjonsordning


Om arbeidsgiveren

Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Petter Wadseth
Stillingstittel
Psykologspesialist - Fagansvarlig
Telefon
94 51 18 54
Følg firma
416 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 352889675
Sist endret 13. mai 2024 09:09

Rapporter annonse