Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Fusa vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse og oppvekst, teknologi og industrifag, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og tilrettelagt undervisning. vSkulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimesidehttps://www.fusa.vgs.no/og skulen sin filmhttps://youtube.be/37e8hMyhHnA

Teknologi og industrifag har eit auka behov for kompetente fagarbeidara. Vil du vere med i opplæringa av elevar på Fusa vidaregåande skule?


Arbeidsoppgåver

Stillinga innebær praktisk og teoretisk undervisning, både i klasserom og i skulen sin verkstad, samt oppfølging av elevar i bedrift.
Det kan vere aktuelt å kombinere denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov og søkjar sin kompetanse.

Kvalifikasjonar

Godkjent yrkesfaglærarutdanning innan teknologi og industrifag og/eller fagbrev innan fagområdet.
Det er ønskjeleg med praktisk erfaring frå fagområdet.
Til alle stillingar er det krav om fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom ein ikkje oppfyller kravet om pedagogisk kompetanse, vil skulen legge til rette for utvikling av formell og pedagogisk kompetanse.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Du har mål om å vere ein trygg og tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode relasjoner til elevane
Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette.
Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisningstilbod og synleggjera skulen
Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikle faggruppa
Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn

Vi tilbyr

Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap i ein kombinert skule, som gjer stort rom for utvikling for elvar og tilsette
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur, positiv innstilling og godt humør
Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Haldis Gjøen Solvang
Stillingstittel
ass. rektor
Telefon
97 16 13 26
Følg firma
1083 følger dette firmaet

5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352886825
Sist endret 13. mai 2024 08:36

Rapporter annonse