Inaktiv

Tiltakskoordinator kommunale tiltaksplassar

Arbeidsgiver
Sogn Vekst AS
Stillingstittel
Koordinator
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Om stillinga:

Me søker etter ein koordinator i 100% fast stilling som skal følge opp arbeidstakarar som er tildelt ein kommunal tiltaksplass hjå oss.

Du vil inngå i vår tiltaksavdeling og være ein av tre tiltakskoordinatorar som jobbar i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø.

Stillinga rapporterar til leiar av tiltaksavdelinga.

Stillinga i dag inneberer og drifting av våre sosiale media, samt nettbutikken vår. Den rette kandidaten, som manglar kompetanse på dette området, kan likevel være aktuell.

 

Arbeidsoppgåver:

·        Koordinering og oppfølging av kommunale tiltaksplassar

·        Dokumentering i vårt journalsystem

·        Utarbeide individuelle handlingsplanar og vekeplanar

·        Delta i oppfølgingsteam

·        Bistå med oppfølging av arbeidstakarar på dei ulike avdelingane

·        Motivere til fysisk aktivitet og drifte ulike aktivitetstiltak ved bedrifta

·        Eventuelt drifte sosiale media og nettbutikk


Ønska kvalifikasjonar:

Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule og / eller universitet.

·        Arbeidsinkluderingskompetanse

·        Gode kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg

·        Motivasjon og gjennomføringsevne til å booke og gjennomføre møter med samarbeidsinstansar.

·        Førerkort klasse B

·        Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar

 

·        Resultatorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

·        God relasjons- og nettverksbyggar

·        Like å jobbe i team og samarbeide med andre

·        Trives med hektiske dagar med krav til omstillingsevne og stor grad av fleksibilitet

·        Engasjert i målgruppa og løysingsorientert

·        Ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

 

Me kan tilby:

Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i ei bedrift som stadig er i endring for å tilpassa seg marknadens behov, med kollegar med høg og variert kompetanse.

Me har gode pensjons og forsikringsordningar.

 

Politiattest må framleggast ved tilsetting, i henhold til "Lov om Arbeidsmarkedstjenester"

 

Om arbeidsgiveren

Sogn Vekst AS er ei vekst-bedrift som er ISO 9001 sertifisert, med tiltaka VTA, AFT samt kommunale tiltaksplassar. Verksemda er eigd av Årdal kommune og Hydro, og er lokalisert på Årdalstangen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Sandgota 2, 6885 Årdalstangen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner
Stillingsfunksjon
Dokumentasjon,
Kontor og administrasjon,
Koordinering
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Veronica Øyre
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Mobil
91 31 10 71
Følg firma
3 følger dette firmaet

Sandgota 2, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352886381
Sist endret 23. mai 2024 08:48

Rapporter annonse