Inaktiv

Prosjektleiar

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Prosjektleder
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

Helse Vest har kome langt i si IT-utvikling, med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Løysingane i systemporteføljen til Helse Vest har ulik storleik og kompleksitet, og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område.

Eit av de største systema er pasientjournalsystemet DIPS. Løysingane våre treng kjærleik, vedlikehald og av og til oppgraderingar. Oppgraderingar kan vere av både større og mindre karakter, og til det treng vi ein engasjert prosjektleiarar som kan leie an i slike. Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for våre pasientar og tilsette i helseføretaka, og samstundes levere innanfor avtalt tidsrom og kostnad.Som prosjektleiar må du evne å lytte til og oppfatte behov, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjersler - og ikkje minst smidig nok til å kunne leie eit prosjekt som endrar kurs når upårekna forhold dukkar opp.

Seksjon Pasientjournal i Helse Vest IKT har omlag 20 tilsette, og alle har ulike roller innanfor drift, forvaltning og utvikling av pasientjournalsystemet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste. I denne stillinga samarbeider
ein tett med produksjonssettingsleiar, dei andre tilsette i seksjonen, samtandre relevante seksjonar og avdelingar i Helse Vest IKT.

Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund.


Arbeidsoppgåver

  • Leie oppgraderingsprosjekt og andre større og mindre leveransar.

Krevjande leveransar krev god planlegging og strukturert gjennomføring. Koordinering av ulike fagmiljø både internt og eksternt er ein stor del av kvardagen. Dette kan vere tekniske ressursar, systemeigarar og klinisk personell i helseføretaka.

  • Bidra til å vedlikehalde og vidareutvikle vårt gode arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, primært innanfor IKT.
  • Erfaring frå
    • leiing av tekniske IKT-prosjekt i store organisasjonar
    • samarbeid med eksterne og interne leverandørar
    • innføring/oppgradering av systemløysingar
  • Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø.
  • Kjennskap til helsesektoren er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Positivt tankesett.
  • Evne å kommunisere med både tekniske, merkantilt og klinisk personell.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne å ta inn over seg innhald og kontekst for leveransane.
  • Gode prosjekt- og teamleiareigenskapar.
  • Er systematisk, har god struktur og er nøyaktig.
  • Er resultatorientert og målretta.
  • Fokus på gode brukaropplevingar.
  • Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk.

Vi tilbyr

  • Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
  • Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faglege samlingar og kurs.
  • Engasjerte kollegaer.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.

Vi elskar å sjå kvarandre på det nye hovudkontoret vårt på Kronstad X i Bergen,eller i dei flotte lokala på våre andre lokasjonar.Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, men vi forstår at mange ønsker seg einhybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid.

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • Innovasjonspark Stavanger Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
  • Øvregata 126, 5527 Haugesund
  • Førdegården Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosjektleder, prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Nilsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
92 26 53 56
Følg firma
831 følger dette firmaet

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352521601
Sist endret 28. mai 2024 00:00

Rapporter annonse