Er du analytisk og vil arbeida for å utnytta vasskrafta best mogleg?

Arbeidsgiver
Sunnhordland Kraftlag AS
Stillingstittel
Krafthandlar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS
Kraft vert i dag handla med timesintervall, men vil framover bli handla med kortare og kortare intervall. Endringar som dette set store krav til våre system for produksjonsplanlegging og krafthandel. Store mengder data som vassmengder, vær, sensordata, prisar og tilsig skal prosesserast raskare og då helst både sanntidsdata, historikk og prognosar. 

Me forventar ikkje at du har erfaring med krafthandel, men ser etter deg som er analytisk. Som har kommersiell- og teknisk interesse. Deg som synes det verkar spanande å gjera best mogleg butikk på vatnet. Men òg har ei teknisk interesse for korleis me kan digitalisera krafthandelen. I kvardagen vil du kvar femte veke, etter god opplæring, sitta med kraftproduksjonsplanlegging. Elles vil du arbeida med å vedlikehalda og vidareutvikla systema våre. Som å fylgja opp utvikling for å automatisera handelsoppgåver og generatorstyring. Me brukar i stor grad eksterne leverandørar. Men har òg fleire eigne integrasjonar mot interne og eksterne datakjelder og system. Du vil få arbeida med å betre nytta all data me sit på i forretningsintelligensverktøy, som for eksempel Power BI. 

I denne stillinga får du være tett på det til tider uforutseielege vatnet. Samstundes får du nytta moglegheiter for auka lønsemd og handtera utfordringar knytt til raskare analysar og responsar. Du vil bidra til berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta. 
 
Din kompetanse: 
  • Relevant høgare utdanning, eksempelvis innan økonomi, finans, statistikk, data. Erfaring kan kompensere for utdanning
  • Generell programmeringskompetanse og systeminteresse og interessert i å setta deg inn i nytt. Aktuelle teknologiar du kjenner er skytenester som Azure og programmering med Python i Linux 
  • Gjerne erfaring frå fornybar energi og industri, men dette er ikkje eit krav
  • Norsk språk
Dine personlege eigenskapar:
  • Analytisk, lærevillig og nysgjerrig
  • Samarbeidsorientert
  • Strukturert til å gjennomføre det som er sett i gang
  • Kommersiell forståing
 Me tilbyr: 
  • Du får arbeida i ein av dei mest kritiske bransjane samfunnet har
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor folk blir lenge
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for delvis heimekontorordning 
  • Gode lønn-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring
På den som vert tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i henhold til kraftberedskapsforskriften. 
 
Arbeidsstad:
Ved vårt kontor på Stord 

Søknadsfrist: 9.06.2024

Nyfiken?
Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgjevarar i Human; Edvard Thormodsæter på 958 82 299 eller Magnus Ånestad på 992 67 888. Du kan også kontakte avdelingsleiar for krafthandel og driftssentral Liv Kjersti Skartland på 977 26 138. 

Om arbeidsgiveren

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 716 MW. Desse produserer årleg omlag 2 700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltok også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Lønningsåsen 2, 5417 Stord
Bransje
Kraft og energi,
IT,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell),
Salg,
Produksjon

Nøkkelord

Krafthandel, Kommersiell fokus, Bærekraftig produksjon, Grønn energi, Analytisk forståelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magnus Ånestad
Stillingstittel
Senior Consultant
Telefon
99 26 78 88
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Edvard Thormodsæter
Stillingstittel
Partner
Telefon
95 88 22 99
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
782 følger dette firmaet

Lønningsåsen 2, 5417 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 352509754
Sist endret 16. mai 2024 13:45

Rapporter annonse