Inaktiv

Kokk i barnehage

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Kokk i barnehage
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne og er den mest søkte barnehagen i Time kommune dette året. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.

Me søkjer etter ein dyktig faglært kokk som skalbidra til at barna i barnehagen får servert sunn og ernæringsrik mat kvar dag! Måltidet er ein viktig del av barnehagedagen og ein pedagogisk arena i barnehagen kor me sitt i lag alle.

Du er ein engasjert fagperson som med din kompetanse kan lage næringsrike, delikate og freistande rettar til glede for barna i barnehagen! Fokuset er at maten skal lages fra bunnen av som brød, supper m.m. og på kjøkkenet vil du finna utstyr som gjer gode moglegheiter for nettopp det! Du må ha gode samarbeidsemnar med store og små, og må vera villig til å steppe inn på avdeling ved behov. Stillinga som kokk er ledig frå 01.08.24 eller etter avtale. Barnehagen har no ca. 100 barn fordelt på 5 avdelingar.

Arbeidsoppgåver

- Tilbereding av frokost, lunsj og fruktmåltid

- Planlegging og innkjøp

- Reinhald av kjøkken og oppvask

- Ansvar for IK-mat

- Kan verta aktuelt med endring i arbeidsoppgaver utifra driftsbehov (f.eks være på avdeling)

Kvalifikasjonar

- Utdanna kokk med fagbrev

- Ønskeleg med erfaring fra liknande stillingar

- God erfaring med å tenkja økonomi, bærekraft og utnyttelse av råvarer

- Kjent med IK-mat

Personlege eigenskapar

  • · Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, er raus og opptatt av å være med å fremme eit godt arbeidsmiljø

    · Evne til å kunne arbeide sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast

    · Det kreves gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

    · Du er stolt av faget ditt, glad i lage mat, godt humør og lyst til å gjera barn nysgjerrig på mat

    · Du er omsorgsfull og ein voksen som trives med å jobbe med barn

Me tilbyr

  • Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Kjeldevegen 1, 4344 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Matvareproduksjon og -industri
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Inge Pettersen
Stillingstittel
Styrar
Telefon
40 07 81 56
Følg firma
610 følger dette firmaet

Kjeldevegen 1, 4344 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 352470969
Sist endret 22. mai 2024 00:00

Rapporter annonse