Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakter

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Er du sjukepleiar og engasjert i eldreomsorg?
Frist
snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Er du sjukepleiar og engasjert i eldreomsorg?

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Stillinga er i sjukepleiarteam som dekkar heile Osterøytunet


Kven søkjer vi etter?

Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du er sjukepleiar med eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!


Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling i sjukepleiarteam

  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer

  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme

  • Moglegheit for fagleg utvikling

  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus.

  • 14-timars langvakter på dagtid med kvar 4. helg gir lengre friperioder i årsturnus

  • Moglegheit for å lade el- bil mot avgift

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i sjukepleiarteam med fokus på sjukepleiaroppgaver: oppfølging av legevisitt, legemiddelhåndtering, sårstell, blodprøver, palliativ pleie/behandling og andre prosedyrer

  • Sjukepleierteamet dekker heile Osterøytunet: somatisk avdelig, dement avdeling og korttidsavdeling

  • Kvar sjukepleiar har primæransvar for ein avdeling med hovedansvar for fagleg oppfølging av pasientene og pårørende

  • Dokumentasjon i journalsystemet Profil

  • Tverrfagleg samarbeid med helsefagarbeidere, lege og ergo/fysio avdelinga


Kvalifikasjonar

  • Må ha autorisasjon som sjukepleiar

  • Ha evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønn

  • Vera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatert

  • Du er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientert

  • Du må ha gode samarbeidsevner

  • Gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.

  • Å vera personleg eigna vil bli vektlagt


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Osterøy har også eit vakkert landskap med godt turterreng både sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og vakre naturopplevingar.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Omsorg og sosialt arbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristine Vedå
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
56 19 25 53
Følg firma
175 følger dette firmaet

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352183395
Sist endret 21. mai 2024 15:59

Rapporter annonse