Inaktiv

Støtteressurs - pedagog i Pedagogisk fagsenter Bjørnafjorden kommune

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fagsenteret
Stillingstittel
Støtteressurs - pedagog i Pedagogisk fagsenter Bjørnafjorden kommune
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast 100% stilling som støtteressurs - pedagog i Pedagogisk fagsenter.

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Bjørnafjorden kommune.

Pedagogisk fagsenter er ein del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune. I Pedagogisk fagsenter jobbar vi direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsoppgåver:
Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehagelova)
Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresette
Jobbe førebyggande på "grøn sone"
Utarbeide tiltaksplanar og årsrapportar i samarbeid med barnehagen.

Kvalifikasjonar:
Barnehagelærarutdanning eller relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå . Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Ønskeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.
Ønskeleg med rettleiingskompetanse
Ønskeleg med erfaring frå barnehage og spesialpedagogisk arbeid.
Fordel med erfaring frå arbeid med språk, alternativ supplerande kommunikasjon og samansette lærevanskar
Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
God relasjonell kompetanse
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Faglege og personlege utfordringar
Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

Du må kunne disponere eigen bil.

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Nøkkelord

Pedagog, Spesialpedagog, Pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Irene Kvåle Foer
Telefon
91 75 79 72
Kontaktperson
Tom Andreas Grønn-Jensen
Telefon
93 25 81 78
Følg firma
491 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 352166159
Sist endret 21. mai 2024 00:00

Rapporter annonse