Vil du skape magiske opplevingar i Oseana, og sette ditt preg på kulturlivet i regionen?

Arbeidsgiver
OSEANA KUNST- OG KULTURSENTER BJØRNAFJORDEN KF
Stillingstittel
Produsent
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Stormande jubel og magisk stille. Ruvande latter og trillande tårer. I Oseana brenn vi for å skape minneverdige augeblink. Aldri før har Bjørnafjorden si storstove fylt fleire sete – og no er eit av dei ledig.


Etter 13 år som tilsett i Oseana, er tida snart inne for at vår arrangementssjef skal gå av med pensjon. Vi har på bakgrunn av dette oppretta ei ny og spennande stilling som produsent.

Som produsent i Oseana vil du spele ei nøkkelrolle i detaljplanlegging og avvikling av våre arrangement. Vi er på utkikk etter deg som får ting til å skje, samstundes som du evnar å halde i fleire prosessar. 


I tillegg til å vere dyktig på koordinering, skapar du entusiasme og får folk med deg. Du er fagleg sterk, operativ og løysingsorientert. Du motiverast av å finne dei beste løysingane og skape uforgløymelege augeblink for vårt publikum.


Vi har over 100 kulturarrangement i året. Som produsent hos oss må du derfor sjonglere mellom ulike arbeidsoppgåver og vere til stades både i stort og smått. Dette krev både fleksibilitet og struktur, samt at det må påreknast noko arbeidstid også på kveld/helg.

Ansvarsområde

  •  Planlegging og koordinering av alle arrangement i samarbeid med programansvarleg
  • Tett kundeoppfølging, heilt frå booking til evaluering og oppgjer
  • Avvikling av kulturarrangement      
  •  Utarbeide tilbod og kontraktar
  • Delta i og leie produksjonsmøter
  • Tett samarbeid med marknadsføringsansvarleg og teknisk produsent


Ønska kvalifikasjonar

  • Treårig relevant høgskuleutdanning (anna relevant utdanning eller bransjeerfaring kan kompensere)
  • Kunnskap og erfaring frå kulturproduksjon og arrangementavvikling
  • Gode datakunnskap
  • God budsjettforståing og evne til kostnadskontroll
  • Detaljorientert og systematisk
  • Kjennskap til norsk kulturpolitikk og statlege støtteordningar
  • Kommersiell forståing
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk


Korleis er det å jobbe i Oseana?

Som vår nye kollega, vil du bli møtt av eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som brenn for å skape det beste kulturtilbodet for våre kunder. Vi legg vekt på å skape eit miljø der latter og trivsel er ein naturleg del av arbeidsdagen!

Vi kan elles nemne:

  • Fridom under ansvar
  • Fleksible arbeidstider
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeidsdag: med over 100 arrangement i året, er ingen dagar like!
  • Parkeringsplass i garasje
  • Enkelt treningsrom 
  • Løn etter avtale


 Oseana er ein arbeidsplass i magiske omgivnadar, på vakre Mobergsneset i Os - med ein slåande utsikt over Bjørnafjorden og majestetiske fjelltoppar.


Bli med i vårt team på Oseana – og sett ditt preg på kulturlivet i regionen! 


Spørsmål om stillinga kan rettast til Direktør Ole Tobias Lindeberg +47 932 57 024.

Søknadsfrist: 30.05.2024 - send gjerne søknad i god tid før fristen.

Oppstartsdato er 01.10.24

 

Om arbeidsgiveren

Oseana kunst- og kultursenter er eit kommunaleigd kulturhus i Os. Fordelt på 5 800 kvadratmeter finn du kultursal, restaurant, kunstutstilling og lokale til kurs, konferansar, møte og selskap. Sjå www.oseana.no

Sektor
Offentlig
Sted
Mobergsbakken 20, 5200 Os
Bransje
Event og arrangementer,
Kunst og kultur,
Musikk
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Planlegger,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kunst, musikk, kultur, ryddig, planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Tobias Lindeberg
Stillingstittel
Direktør
Mobil
93 25 70 24
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
49 følger dette firmaet

Mobergsbakken 20, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 352149960
Sist endret 13. mai 2024 13:21

Rapporter annonse