Ynskjer du jobb på servicebåt i oppdrettsnæringa?

Arbeidsgiver
Fjordbruk Service AS
Stillingstittel
Serviceoperatør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Fjordbruk Service AS er eit selskap i Alsaker konsern, som består av 5 spyle- og servicebåtar og ein avlusingslekter til eige bruk og til utleige. Våre arbeidsbåtar er pr. i dag under 15 meter, avlusingslekteren på 20x40 meter, og desse har sitt arbeidsområde i Hordaland og Rogaland. Fjordbruk Service utfører servicearbeid knytt opp til konsernet si oppdrettsverksemd.

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføring av spyle-og fortøyningsarbeid, bistå matfiskproduksjonen i tyngre arbeidsoperasjonar, samt anna serviceoppdrag
  • Slep og transport
  • Avlusing
  • Drift og vedlikehald av båtar og utstyr
  • Logg- og journalføring

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå arbeid på oppdrett/havbruk
  • Maritim eller mekanisk utdanning
  • D6 sertifikat, søkjarar utan D6 forutset godkjenning hjå sjømannslege
  • G20 kran, SRC sertifikat, begrensa sikkerhetskurs

 

Som serviceoperatør i Fjordbruk Service blir du ein del av vårt svært dyktige og erfarne serviceteam. Våre dedikerte servicebåtar spelar ei særs viktig rolle for å sikre optimal drift på våre lokalitetar, og er alltid framoverlent for å yte maks i eit travel kvardag. Me kan tilby deg godt arbeidsmiljø og turnusordning, samt konkurransedyktige vilkår.

På jobb i Fjordbruk Service vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Matros,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

oppdrett, laks, servicebåt, matros, havbruk

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Røssland
Stillingstittel
Servicekoordinator
Mobil
99 21 01 18
Kontaktperson
Jardar Kongsvik Eilertsen
Stillingstittel
Teknisk inspektør
Mobil
92 01 84 84
Følg firma
118 følger dette firmaet

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 352147341
Sist endret 8. mai 2024 13:29

Rapporter annonse