Spanande jobb i H2 Hardanger!

Arbeidsgiver
H2 Hardanger AS
Stillingstittel
Prosjekt- og/ eller byggjeleiar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Prosjekt- og/ eller byggjeleiar

Ledig inntil 2 stk faste stillingar som prosjekt- og/ eller byggjeleiar.


Om stillinga

H2 Hardanger har god vekst og over tid hatt god ordretilgang som dannar solid grunnlag for 100 % faste stilling som prosjekt- og/ eller byggjeleiar. Stillinga inngår i gruppe for prosjektadministrasjon, og du vil bli ein del av eit solid team samansett av prosjekt- og byggjeleiarar.

I nokre prosjekt vil stillinga vere knytt til byggherre sin organisasjon gjennom konsulentoppdrag. I andre prosjekt vil den vere knytt til entreprenørsida som representant for Fuglafjell AS (FF). FF er ein totalentreprenør samansett av bedriftene H2 Hardanger, Tecno VVS og Johs Øvsthus AS.

Aktuelle kontorstader er Norheimsund, Voss og Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Vere bindeledd mellom utførelse på byggeplass og byggherre
  • Framdriftsplanlegging og -koordinering
  • HMS arbeider og kvalitetskontroll på byggjeplass
  • Bistå i å utarbeide SHA-plan, HMS-plan, kvalitetsplan og evt. konkurransegrunnlag
  • Organisere, gjennomføre og referere framdriftsmøter, byggjemøter, byggherremøter m.m
  • Avhengig av kompetanse og interessefelt kan også roller som prosjekterande, prosjekteringsleiar, prosjekteringsgruppeleiar og KP/KU/BHR vere aktuelle


Kompetansekrav

Fortrinnsvis 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet innanfor bygg og anlegg. Personar med utdanning frå fagskule eller som har lang erfaring innanfor relevante fagfelt i høve prosjekt- og byggjeleiing kan også vere aktuelle kandidatar.

Førarkort kl B, naudsynt IT-kompetanse for oppfølging og rapportering, samt god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad for stillinga.


Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar er avgjerande for å lukkast i stillinga, og vil bli tillagt stor vekt. Me vektlegg at du innehar fylgjande eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik
  • Har god struktur i arbeidet
  • Har erfaring frå bygg- eller prosjektleiing


Kvifor velje H2 Hardanger

Du vil bli del av ei bedrift med god vekst og høgt aktivitetsnivå. Me har eit uformelt arbeidsmiljø og korte beslutningsvegar. Rette personar vil kunne få stor medverknad på vidare utvikling. Du vil få utfordrande arbeidsoppgåver innafor eit breitt spekter av fagområder, samt moglegheit til vidare utvikling både fagleg og personleg.

Me tilbyr også desse goda:

  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • Fast ferie mellom jul og nyttår
  • Gode lønsvilkår, forsikring og pensjonsordning

 

Om arbeidsgiveren

H2 blei grunnlagt i 2006 som reindyrka ingeniørfirma innan byggeteknikk. Sidan firmaet starta opp har H2 bidratt i langt over 1500 prosjekt.

Me er per i dag 15 tilsette.

Porteføljen er mangfaldig og inneheld eit vidt spekter av prosjekt: næringsbygg, fleirhusvære, hotell, skular, barnehagar, sjukehus, reinseanlegg, bruer, kraftstasjonar, akvakulturanlegg, kunstinstallasjonar og mykje anna.

Dei siste åra har aktiviteten i større grad byrja å famne over andre tenester enn reine RIB-oppgåver. Prosjektadministrasjon har etter kvart blitt ein vel så stor del av kvardagen i H2 Hardanger AS.

Etter fisjon i 2019 blei 3 tilsette ved Hardangerkontoret til H2 Byggeteknikk AS overført til H2 Hardanger AS.

H2 Hardanger vil halde fram med å levere kvalitet i alle tenester. Me har som mål å vera den beste arbeidsplassen og det leiande ingeniørmiljøet i vår region.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund
Flere arbeidssteder
  • VASKERELVEN 39, 5014 Bergen
  • BRYNASKOGEN 25, 5705 Voss
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosjektleder, byggeleder, byggteknisk ingeniør, byggmester

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Thomas Mælen
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
92 05 10 43
Kontaktperson
Håkon Hjartnes
Stillingstittel
Partner/ Gruppeleiar
Mobil
90 82 42 52
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
1 følger dette firmaet

Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 352128642
Sist endret 12. mai 2024 18:30

Rapporter annonse