Skogbruksrådgjevar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Skogbruk
Stillingstittel
Skogbruksrådgjevar
Frist
01.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du vera med å utvikle skogbruket i Sogn?

Velkommen til Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn.

Skog i Sogn ser etter ny skogbruksrådgjevar, og det kan vera du som skal ha denne stillinga.

Om stillinga

Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i kommunane Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Høyanger. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn, som omfattar 841 000 daa produktivt skogareal. Du vil gjennom dette arbeidet samarbeide med AT-skog, Skogselskapet og fleire andre skogaktørar i regionen. Sogn har lange skogtradisjonar og er kjent for god furukvalitet. No er grana på full fart inn, og mange "nye" skogeigarar treng råd, rettleiing og hjelp til planlegging m.m. Difor treng vi deg som har ein tydeleg visjon og sterkt engasjement for skogbruket.

Sogndal kommune er vertskap for eininga. For denne stillinga er hovudarbeidsområda kommunane Vik og Høyanger. Kontorplassering vil kunne tilpassast innanfor området.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter skoglova med forskrifter, tilskotsordningar og kontroll av desse.
  • Fylgje opp vegprosjekt i hovudplan for skogsvegar, skogsdrift og skogkultur.
  • Tilrettelegging for kompetanseheving innan skogbruk og bruk av tre.
  • Bidra til fellesprosjekt i verdikjeda for skogbruket.
  • Vere ein tydleg fagperson med fokus på kvalitet og effektiv teneste.
  • Det må påreknast ein del reiseverksemd i regionen.

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønskjer at du har ei høgare skogbruksfagleg utdanning. Relevant praksis og erfaring er positivt.
  • God kjennskap til skogbruk, landbruk, utmarksforvaltning og relevant regelverk er ønskjeleg.
  • Erfaring frå offentleg forvalting vil vere ein fordel.
  • Førarkort klasse B.
  • Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og sjølvstendig.
  • Dyktig relasjonsbygger og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg.
  • God evne til å sette seg inn i oppgåvene og vilje til gjennomføring.
  • Stort engasjement, open og samarbeidsretta.
  • God rolle og oppgåveforståing.

Vi tilbyr:

  • 100 % fast stilling som rådgjevar skogbruk.
  • Varierte og interessante oppgåver med stor kontaktflate.
  • Ei sentral rolle i skogbruket i regionen.
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Løn og vilkår etter avtale.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via vårt rekrutteringssystem EasyCruit.

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor
Offentlig
Sted
Riverdalen 5, 6856 Sogndal
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

skogbruk, skogbruksrådgjeving

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Olav Øyrehagen
Telefon
47 66 31 34
Følg firma
57 følger dette firmaet

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 351975375
Sist endret 7. mai 2024 08:21

Rapporter annonse