Lærar i sal, service og reiseliv, vikariat

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i sal, service og reiseliv
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Me søkjer etter vikar i 100% stilling i skuleåret 24 / 25


Arbeidsoppgåver

  • Undervising på Vg1 sal, service og reiseliv.
  • Undervising på Vg2 sal og reiseliv.
  • Undervising på vaksenopplæring eller kurs som skulen tilbyr kan òg bli aktuelt.
  • Praktisk og teoretisk undervisning.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utviklinga i bransjen.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv for å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i salsfaget eller reiselivsfaget. Alternativt relevant høgare utdanning innan sal eller reiseliv.
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
  • Praksis frå bransjen.
  • Må kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har nye idear, høg motivasjon og handlekraft.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar, kollegaer og andre samarbeidspartar.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.


Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
5353 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Therese Gaska
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
91 36 37 56
Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
None
Telefon
95 82 60 77
Følg firma
1078 følger dette firmaet

5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 351893603
Sist endret 7. mai 2024 10:10

Rapporter annonse