Me søkjer ein dyktig og engasjert salskonsulent/ kunderådgjevar

Arbeidsgiver
Toyota Voss AS
Stillingstittel
Salskonsulent / kunderådgjevar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du jobba med eit av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!

Gjennom kontinuerlege forbetringar og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vera Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på 9 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kundar gjennom heile kundereisa.

Du vert motivert av å jobba med salg og kundrådgjeving og jobbar hardt for å oppnå gode resultat. Du har tru på deg sjølv - samtidig som du veit at dei beste resultata vert skapa saman med andre. Du er ein nettverksbyggjar og forstår verdien av å setja kunden fyrst. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Salg av nye og brukte bilar, hovudsakleg til privatmarknaden
  • Planleggja og gjennomføra salgsaktiviteter
  • Ta ansvar for eige salgsmål - inneber salg av bil, tilbehør, service- og vedlikehaldsavtalar, finans og forsikring
  • Delta og bidra på salgsmøter
  • Til ei kvar tid vera oppdatert på produkt, tilbod og aktivitetar 
  • Oppdatera og vedlikehalde CRM systemet
  • Kunderådgjeving og oppfylging
  • Salg av verkstadtenester
  • Logistikk


Ynskja kvalifikasjonar

  • Erfaring med salg og kan vise til dokumenterbare resultat.
  • Strukturert, fremoverlent, er kreativ og kan by på seg sjølv
  • Har kundeservice i hjarte og hovudet
  • God framstillingsevne både norsk muntleg og skriftleg
  • Utadvendt, blid og serviceinnstilt
  • God økonomisk forståing
  • Fortruleg ved bruk av IT som arbeidsverktøy
  • Sjølvstendig og strukturert, men samtidig kunne jobba i team


I stillinga tilbyr me

  • Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling
  • Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
  • Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
  • God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
  • Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
  • Ei veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
  • Eit miljømedvite firma
  • Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelsetjeneste og personalhytte
  • Hjå oss legg me stor vekt på et godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhald 

Om arbeidsgiveren

Toyota Voss AS er en del av Jæger Automobil AS som er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsern har 240 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,5 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i Vest Noreg. Kvalitet og stadig betring er grunnpilarar i Jæger og Toyota sin filosofi. Me set oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det desidert mest kjøpte bilmerket gjennom tida i Vestland fylke. Toyota er ei av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Salg,
Salg / Produktsalg
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Toyota, bilsalg, bilselger, kunderådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Senderud
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
91 11 13 53
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
42 følger dette firmaet

Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 351860511
Sist endret 6. mai 2024 13:21

Rapporter annonse