Rådgivar/seniorrådgivar - klimatilpassing
Miljødirektoratet
- Frist 23.5.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til effektiv tilpassing og omstilling av samfunnet til eit klima i endring?
Om stillinga
Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Er du kunnskaps- og utviklingsorientert og ønskjer å jobbe med tilpassing til eit klima i endring? Er du oppteken av ei berekraftig samfunnsutvikling? Om du òg taklar å jobbe med komplekse og samansette saker og kan sjå løysingar på tvers av fagområde, er du kanskje den vi ser etter.
Hos oss får du moglegheit til å være ein sentral bidragsytar i utviklinga av klimaarbeidet på fagfeltet klimatilpassing, og spesielt i arbeidet med å utvikle ei nasjonal klimasårbarheitsanalyse for Noreg. Analysen skal gje oppdatert kunnskap om konsekvensar for heile samfunnet som følgje av at klima endrar seg. I arbeidet vil du vere ein del av ei prosjektgruppe i Miljødirektoratet, og samarbeide tett med andre direktorat, forskarar og andre aktørar.
Stillinga er plassert i seksjon for arealplan og klimatilpassing. Vi jobbar med ivaretaking av klima- og miljøomsyn i arealplanlegging, og med klimatilpassing retta mot nasjonale myndigheiter og kommunal og regional forvalting. Seksjonen har i dag 17 medarbeidarar. I arbeidet med klimatilpassing rådgjer og støttar vi Klima- og miljødepartementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing, følgjer opp stortingsmeldinga på klimatilpassing og vi har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på direktoratsnivå.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er i Oslo eller Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- bidra i prosjektet Nasjonal klimasårbarheitsanalyse
- oppfølging av andre forventningar frå regjeringa i den nye stortingsmeldinga om klimatilpassing
- delta i andre utgreiingsoppgåver
- rådgjeving og støtte til Klima- og miljødepartementet (KLD)
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- du har fullført utdanning på minimum mastergradsnivå innan samfunnsvitskap, naturvitskap eller innan andre relevante fagområde.
- du har gjerne erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i eller mot offentleg forvalting
- du har erfaring frå arbeid innanfor relevante fagområde og gjerne frå tverrfaglege miljø
- du har med fordel kunnskap om samfunnsomstilling og konsekvensar av klimaendringar/klimarisiko
- du skriv og kommuniserer godt på norsk
Eigenskapar
- du har god samfunns- og forvaltningsforståing
- du er analytisk og har god evne til å vurdere heilskap og samanhengar på tvers av tema og fagområde
- du har god samfunns- og forvaltningsforståing og er interessert i samfunnsutviklinga du jobbar sjølvstendig og systematisk og har evne til å levere
- du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn frå kr 584 500 (ltr 60) - kr 821 100 (ltr 78) etter erfaring og kvalifikasjonar Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar, og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Steinulf Hoel, telefon 91582878, e-post: steinulf.hoel@miljodir.no eller fagdirektør Bjørn Bjørnstad, telefon 99440335. E-post bjorn.bjornstad@miljodir.no
Oppgi referansenummer 44-2024 LAK når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: GRENSESVINGEN 7, 0661 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog, Geologi/Fysikk/Kjemi, Samfunnsviter
Nøkkelord
klimatilpasning, klima, klimaendringer, forvaltning, utredningsarbeid
(1/2)
- FINN-kode 351422671
- Sist endret