Inaktiv

Undervisningsstilling i teknologi- og industrifag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling i teknologi- og industrifag
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. Skulen har for tida 41 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no

Arbeidsoppgåver

Undervisning vil vere på programområdet teknologi- og industrifag på Vg1 og Vg2. Det kan og vere aktuelt å undervise på andre fagområde.

Kvalifikasjonar

- Relevant fagbrev og erfaring innan eit eller fleire fag
- Teoretisk utdanning frå fagskule/høgskule eller yrkesfaglærarutdanning innan relevant fag
- Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
- Erfaring med styrte maskiner; CNC-maskiner
- Ønskeleg med kunnskap om robotteknologi, digitalisert og automatisert industri
- Bestått praktisk pedagogisk utdanning (PPU)

Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.

Personlege eigenskapar

- Positiv og like å jobbe med ungdom
- Strukturert samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø
- Sjølvstendig samtidig som du er god på relasjonar og samarbeid
- Utviklings og løysingsorientert
- Romsleg, raus og fleksibel Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Nært samarbeid med kollegaer
- Løn etter gjeldande offentleg regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

Andre opplysningar

- Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest, jf opplæringslova § 10-9
- Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsette har ei prøvetid på seks månader
- Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk
- Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eit eventuelt intervju

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Bil- og bildelproduksjon,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Sveising, CNC-maskiner, robotteknologi, automatisert industri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henry Arne Helle
Stillingstittel
ass. rektor
Telefon
90 84 95 91
Kontaktperson
Jorunn Felde
Stillingstittel
rektor
Telefon
95 19 19 64
Følg firma
1077 følger dette firmaet

Lunnamyri 2, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 351415779
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse