Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
Stillingstittel
Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. PPT er ei avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og PPT er ofte ein viktig del av laget kring barnet. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.

PP-Tenesta i Bjørnafjorden har ledig 100% fast stilling som PP-rådgjevar

Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver. Bjørnafjorden PPT arbeider med barn og ungdom frå 0 år og ut 10. trinn i grunnskulen, og med vurdering av spesialundervisning for vaksne.

Pedagogisk Psykologisk Teneste skal bidra med systemisk arbeid gjennom kompetanseheving og organisasjonsutvikling inn til skular og barnehagar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det (individnivå). Alle barnehagar og skular har eigen PPT-kontaktperson for dialog rundt behov for støttetenester.

Tenesta består av aktive og engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet i det ordinære opplæringstilbodet. For å komplementere samla kompetanse i tenesta blir erfaring knytt til arbeid i eller med ungdomsskuleelevar vektlagd. Søkjar må ha svært gode kommunikative ferdigheiter for å fylle rådgjevarrolla, og i tillegg kunne skrive godt på nynorsk. Vidare er det ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring innanfor relevante spesialpedagogiske eller psykologiske fagområde.

Arbeidsoppgåver:

  • Kontaktperson skule/ungdomsskule
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanseheving i skule/barnehage på individ- og organisasjonsnivå
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
  • Utviklingsarbeid i Familiens hus og eiga teneste
  • Utgreiings-- og sakkunnigarbeid
  • Rettleiing av studentar
  • Andre oppgåver kan knytast til stillinga i tillegg til lista over

Kvalifikasjonar:

  • Psykolog eller pedagog med master i spesialpedagogikk/pedagogikk, eller anna relevant høgare utdanning og erfaring
  • Erfaring frå PPT er ein fordel
  • Kompetanse på rettleiing og konsultasjon som arbeidsmetode
  • Kjennskap til organisering av tenester knytt til helse og oppvekst
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fordel med erfaring frå arbeid med ungdom på ungdomstrinnet
  • Ønskeleg med kompetanse eller erfaring knytt til psykisk helse og/eller åtferdsvanskar

I tillegg ønskjer vi at du har:

  • Gode kommunikasjonseigenskapar og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Evne til å jobbe godt i team
  • Engasjert og fleksibel
  • Endringsorientert
  • Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr:

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtalar

Det er nødvendig med førarkort klasse B og ein må pårekna noko bruk av eigen bil i tenesta for samarbeid med skular i heile kommunen. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjend. Ved eventuell tilsetting er det krav om politiattest før oppstart.

Kontaktpersonar:
Annveig Myklebust Fjellstad, avdelingsleiar PPT
tlf 41 23 57 23

Linda Hevrøy, leiar for Familiens Hus
tlf 97 15 69 89

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

PPT, Rådgiving, Psykolog, Barn, Ungdom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Avd.leiar Annveig Myklebust Fjellstad
Telefon
41 23 57 23
Kontaktperson
Linda Hevrøy
Telefon
97 15 69 89
Følg firma
491 følger dette firmaet

Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 351415126
Sist endret 3. mai 2024 14:26

Rapporter annonse