Rådgivar/seniorrådgivar

Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Stillingstittel
Er du ein drivande og dyktig relasjonsbyggjar?
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Digitaliseringsdirektoratet

Er du ein drivande og dyktig relasjonsbyggjar?

Om stillinga

Har du kunnskap og interesse for teknologi, kommunikasjon og marknadsarbeid? Likar du å skape entusiasme, er uredd for å ta på deg nye oppgåver og har gode samarbeidsevner? Da er du kollegaen vi ser etter.

Du kjem til å vere ein del av eit marknadsteam som jobbar med direktoratet sine nasjonale fellesløysingar. Dette er digitale "byggeklossar" som inngår i nær sagt alle offentlege digitale tenester på nett. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at vi realiserer potensialet i bruken av fellesløysingane og bidrar til eit tydeleg verdibodskap.

Stillinga er fast og har kontorstad ved Digdir si avdeling på Leikanger, der vi i dag er over 130 tilsette.


Arbeidsoppgåver

  • bygge sterke og langsiktige relasjonar med offentlege verksemder
  • planleggje og gjennomføre marknadsaktivitetar som skal treffe ulike målgrupper
  • utarbeide og vedlikehalde kommunikasjons- og presentasjonsmateriell
  • analysere bruk og utarbeide brukarhistorier som viser gjevinstpotensialet ved fellesløysingane
  • utarbeide redaksjonelt innhald og visualisere data
  • bidra med aktiv bruk av digitale kanalar
  • vere marknadsressurs i prosjektarbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan IT, marknadsføring eller kommunikasjon. Vi oppfordrar nyutdanna til å søke på stillinga.
  • evne til å forstå kundebehov og kommunisere dei vidare til produktorganisasjonen
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • har eit brennande engasjement og ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og marknadsføring
  • er god på planlegging og oppfølging
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne

Vi tilbyr deg

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • lønn som rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?


Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Seksjonssjef Marianne Strypet
E-post: marianne.strypet@digdir.no
Telefon: 97522720

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.


Om arbeidsgiveren

Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
IT,
IT - programvare,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Planlegger,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Strypet
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
97 52 27 20
Følg firma
1190 følger dette firmaet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 351406854
Sist endret 5. mai 2024 10:27

Rapporter annonse