Sjukepleiar/vernepleiar 2*80% vikariat

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - heimetenesta
Stillingstittel
Heimetenesta
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

  • Det vert no lyst ut 80% x 2 vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta sone sør. Sonekontor ligg i Skogsvåg. Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar oppmodar vi helsefagarbeidar om å søkje.
  • Avdelinga nyttar årsturnus.
  • Stillingane er ledig frå 01.07.2024 24.08.2025

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
  • Primærsjukepleie
  • Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
  • Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
  • Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Andre krav:
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate Løland 56 16 05 02 mobil 950 71 121

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 400 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

Sykepleier, sjukepleiar, vernepleiar, vernepleier, sjukepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kate S. Løland
Telefon
56 16 05 00
Følg firma
322 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 351395482
Sist endret 3. mai 2024 14:26

Rapporter annonse