Allsidige røyrleggarar (fast stilling/ vikariat/ vaksenlærling) søkast

Arbeidsgiver
Mardal Rør AS
Stillingstittel
Røyrleggar
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig ei 100% fast stilling som røyrleggar. Alternativt 2 røyrleggarar, der ei stilling er vikariat for eit år, med moglegheit for fast tilsetting. Vi har og ledig stilling for ufaglært, der målet er å ta sveinebrev. Her vil personlege eigenskapar og arbeidsmoral bli vektlagt. Tidlegare relevant kompetanse/ skule er med å avgjere lærling- periode. 


Dine hovud arbeidsoppgåver:

·        Utføring av røyrleggararbeide; både varme- og sanitæranlegg, samt VA

·        Planlegge og legge til rette for eigne prosjekt

·        Være ein bidragsytar i vårt faglege miljø

·        Kommunikasjon med kundar

Kvalifikasjonar:

·        Norsk sveinebrev og erfaring frå yrket er eit ynskje, men læreevne og stå-på-vilje kan erstatte dette kravet for rett person

·        Førarkort klasse B (BE er et pluss, men ikkje eit krav)

·        Beherske norsk skriftleg og munnleg

·        Komfortabel med digitale system til rapportering. Vi nyttar Cordel.

Personlege eigenskapar:

·        Sjølvstendig, ryddig og nøyaktig

·        Løysingsorientert

·        Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar blir vektlagt høgt og kan være avgjerande for eventuell tilsetting!


Vi tilbyr:

·    Konkurransedyktig lønn og pensjon

·    Godt arbeidsmiljø og ryddige arbeidsforhold

·    Spennande og varierte arbeidsoppgåver

·    Bedriftshelseteneste

·    Gode utviklingsmoglegheiter

 

Er du nysgjerrig, men ikkje heilt sikker, ikkje nøl med å ta kontakt med oss!


Om arbeidsgiveren

Mardal Rør AS er ei godt etablert røyrleggarbedrift med 10 tilsette, lokalisert på Sandane i Gloppen kommune, Vestland fylke. Vi er medlem i Rørkjøpkjeden. Området er i vekst og kan tilby fantastiske naturopplevingar i skog, på vatn og i fjell. 10 minutt ifrå sentrum ligg Anda flyplass, og det er gode bussforbindelsar til resten av fylket frå Sandane sentrum. Her er gode barnehagar og skular, både grunnskule og vidaregåande skule, samt eit godt idretts- og kulturliv. Vi kan være behjelpelege med å finne hus eller leilegheit til både deg og eventuell familie dersom det er behov.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Sørstrandsvegen 184, 6823 Sandane
Bransje
Bygg og anlegg,
Håndverkstjenester,
VVS
Stillingsfunksjon
Håndverker / Rørlegger
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anna Elisabet Mardal
Stillingstittel
Administrativ leder
Telefon
57 86 57 91
Mobil
47 71 40 67
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Sørstrandsvegen 184, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 351381973
Sist endret 3. mai 2024 11:43

Rapporter annonse