Vil du bli vår nye Risiko- og Complianceansvarleg?

Arbeidsgiver
Valle Sparebank
Stillingstittel
Risiko- og Complianceansvarleg
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer deg som er nysgjerrig, løysingsorientert og beslutningsdyktig, og som har stor interesse for risikostyring og compliance. Som Risiko- og Complianceansvarleg er du ein viktig nøkkelperson med kontakt inn i alle bankens miljø. Du vil få eit overordna ansvar for å utarbeide risikostrategi, samt følgje opp policyar, retningslinjer og rutinar som sikrar at banken har god verksemdstyring i forhold til bankens størrelse og kompleksitet. 

Risiko- og Complianceansvarleg stillinga er ein uavhengig støttefunksjon for forretningsområda, leiargruppa og styret. Funksjonen har ei førebyggjande, rådgjevande og kontrollerande rolle, og leiinga ser fram til å utvikle denne rolla saman med den nye Risiko- og Complianceansvarleg. Stillinga rapporterer direkte til styret og banksjefen.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Delta i utforming av risikostrategi i banken som er tilpassa bankens strategi
  • Identifisere, kontrollere og rapportere vesentlege risikoar banken står overfor
  • Utarbeide policyar for dei viktigaste risikoområda til banken 
  • Sørge for at banken overheld regelverk og retningsliner gjennom planlegging, gjennomføring, vedlikehald og kontroll av bankens oppgåver og prosessar
  • Vere ein rådgjevar og ressursperson for styret, leiinga og bankens øvrige tilsette
  • Halde deg oppdatert på finansregulatorisk rammeverk og andre relevante fagområde
  • Delta på relevante forum og samarbeide med interne og eksterne fagmiljø i Eika-alliansen
  • Delta med tilrettelegging, rådgjeving og opplæring på risikostyringsområdet i heile verksemda
  • Administrere og vidareutvikle bankens risikostyrings- og internkontrollsystem
  • Delta ved utvikling og kvalitetssikring av styrande dokument
  • Rapportere til styret og leiinga

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan økonomi, finans, jus eller revisjon. Kandidatar med annan relevant utdanning vil også bli vurdert.
  • God forretningsforståing, med evne til å sjå moglegheiter og handlingsrom
  • Interesse for regulatorisk rammeverk og kontrollarbeid
  • Generell interesse for forenkling og forbetring av arbeidsprosessar
  • God kompetanse i Excel og andre IT-verktøy 
  • Evne til å forstå og operasjonalisere regelverk
  • Kjennskap til vesentleg rammeverk for finansføretak er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med verksemdsstyring, risiko- eller compliancearbeid er ein fordel

Vi søkjer deg som er ansvarsfull, initiativrik, og med stor arbeidskapasitet. Det er ein fordel om du er utforskande og bidrar til å utvikle stillinga i tråd med bankens strategi og retningslinjer. Vi treng ein Risiko- og Complianceansvarleg som både ser dei store linjene og dei små detaljane. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du er sjølvstendig og løysingsorientert når det gjeld dine eigne oppgåver.

Vi tilbyr ei stilling der du får moglegheit til å utvikle deg både fagleg og personleg. I tillegg til å vere med på å utvikle ein av Noregs mest solide sparebankar, får du også høve til tett samarbeid med andre ansvarlege for risiko og compliance i Eika. Du vil få tilgang til gode maler og opplæring frå både sentrale ressursar og lokale i Valle Sparebank. Vi er ein solid arbeidsgivar som tilbyr våre tilsette svært gode personalvilkår som pensjon, forsikring og gode låneordningar. 

Vi forutsett at du oppfyller formalkrav gitt av Finanstilsynet.

Søknad, CV og vitnemål sendast via www.headvisor.no innan 20. mai. 
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Headvisor: 

  • Merete Svendsen – mobil 95 18 63 31 
  • Morten G. Aggvin - mobil 41 04 71 25

Ved spørsmål kan du også kontakte administrerende banksjef i Valle Sparebank:

  • Jostein Rysstad – mobil 92 49 20 91

Alle førespurnader vert handsama konfidensielt inntil anna er avtala. 

Om arbeidsgiveren

Valle Sparebank er ein sjølvstendig sparebank med forretningskapital på om lag 3,1 milliardar kroner. Hovudkontoret vårt ligg i Valle, med avdelingskontor i Kristiansand og Vennesla. Banken vart etablert i 1866 og er i dag ein av landets mest solide bankar. For tida har banken 16 tilsette, og vi har mellom dei mest nøgde kundane i Noreg. Valle Sparebank samarbeider med 45 andre sparebankar i Eika Alliansen om løysingar innan IT-drift, mobil- og nettbank, betalingsformidling, finansieringsløysingar, forsikringsprodukt.

Sektor
Privat
Sted
Nordibøvegen 143, 4747 Valle
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Kvalitetssikring,
Økonomi og regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Risikostyring, Rådgiver, Opplæring, Internkontroll, Kvalitetssikring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merete Svendsen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
95 18 63 31
Kontaktperson
Morten G. Aggvin
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 04 71 25
Følg firma
2344 følger dette firmaet

Nordibøvegen 143, 4747 Valle

Annonseinformasjon

FINN-kode 351375846
Sist endret 3. mai 2024 09:11

Rapporter annonse