Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent ved Fusa ungdomsskule
Frist
16.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Fusa ungdomsskule har ledig 76% fast stillling som fagarbeidar/assistent.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjordenkommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skapetrygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket forKunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og fastenettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule har adresse Brakabygda 33 og ligg sentralt plassert i Eikelandsosen. Skulen ligg tett ved fleirbrukshall, fjord og fjell, og stod ny hausten 2019. Skuleåret 2023 2024 er det 136 elevar ved skulen og eit utviklingsorientert personale med godt humør. Vi jobbar for inkludering og fellesskaping; elevar og vaksne skal kjenne på å høyre til ved Fusa ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver
Vere ein trygg og autoritativ vaksen i møte med ungdom. Bidra til å skape trygge og gode rammer for læringog utvikling for elevane i tida dei er på skulen.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert.Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe medbarn og unge. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, ogvilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Fagarbeider, Fagarbeidar, Assistent, Skoleassistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vivi Irene Fosse
Telefon
91 72 77 24
Følg firma
491 følger dette firmaet

Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 351249503
Sist endret 17. mai 2024 00:00

Rapporter annonse