Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Er du på jakt etter ein jobb med godt arbeidsmiljø og spennande utfordringer?

Me har ledig fast 100% stilling i turnus med arbeid kvar 3. helg eller kvar 4. helg (langvakter), for helsefagarbeidar. Oppstart 01.08.2024

Røyrvika har 22 samlokaliserte omsorgsbustadar. Det er to personalbasar. Røyrvika er organisert under avdelinga Psykisk helse og rusarbeid. Røyrvika har bebuarar med ulike ressursar og utfordringar, og vi gjev tenester til brukarar med ulike fysiske og psykiske hjelpebehov. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester.

Røyrvika har per d.d ca 33 årsverk fordelt på ca 60 tilsette.


Arbeidsoppgåver

- Målretta miljøarbeid imøte med den enkelte bebuar

- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsogstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk

- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

- Fagleg kompetanseheving og utvikling

- Rettleing av kollegaer, lærlingar og elevar

- Primær/sekundæransvar

- Ansvarsvakt

- Følge bebuar på faste aktiviteter

Kvalifikasjonar

- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar

- Erfaring frå miljøarbeid, oppfølgning av somatiske sjukdommar og psykisk helsearbeid

- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentere at du har språknivå tilsvarende B2

- Gyldig politiattest

- Førarkort er ønskeleg

- Det vert lagt stor vekt på at du er eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrvika 3a, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

helsefagarbeider, miljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørg Bø McDowell
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 81 86 46
Følg firma
609 følger dette firmaet

Røyrvika 3a, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 351246745
Sist endret 2. mai 2024 10:40

Rapporter annonse