Inaktiv

Lærar i matematikk og naturfag. 1 års vikariat.

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i matematikk og naturfag. 1 års vikariat.
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter vikar for skuleåret 2024/2025 i 100% stilling i matematikk og naturfag


Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk og naturfag, og eventuelle andre fag på studiespesialiserande og yrkesfaglege programområde.
Tett oppfølging av klassar og einskilde elevar.
Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.
Skape og vidareutvikle eigen undervisning i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.

Yrkesretting av fellesfag og tverrfagleg samarbeide.

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Utdanning frå universitet/høgskule, som kvalifiserer for undervisning i matematikk og naturfag.
Undervisningskompetanse i fleire fag er ein fordel.
Må kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.

Erfaring med yrkesretting av matematikk og naturfag er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydelege vaksne og som er ein gode rollemodellar for ungdom.
Du ønskjer å bidra til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har høg motivasjon og handlekraft.
Å vere egna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling, med mentorordning for nyutdanna og nytilsette.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Løn etter kvalifikasjonar.


Andre opplysningar

Sotra vidaregåande skula har to skulestader, eitt på Bildøy og eitt i Skogsvåg. (Branndalsmyra 61 og Finkelhølsvegen 10)
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Det kan bli undervisning på Skulestad Bildøy, Skogsvåg og Sotra Arena. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
5382 Skogsvåg
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Lærer, naturfag, matematikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
None
Telefon
95 82 60 77
Kontaktperson
Christian Johnsen
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
40 04 30 09
Følg firma
1081 følger dette firmaet

5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 351189532
Sist endret 13. mai 2024 00:04

Rapporter annonse