Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Førebyggjande helsetenester
Stillingstittel
Helsesjukepleiar - skulehelsetenesta
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Førebyggande helseteneste har ledig 100% fast stilling i skulehelsetenesta

Arbeidsstad
Førebyggande helseteneste er delt i 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon og flyktninghelse og avdeling skule. Ledig stilling er i skulehelsetenesta knytt til barneskule. Det kan bli aktuelt med andre arbeidsoppgåver / stillingsprosent med bakgrunn i interne endringar.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til ordinært førebyggande arbeid i skulehelsetenesta etter lovverk, retningsliner og kommunale målsettingar. Arbeidstakar skal jobbe aktivt for å ivareta og styrke tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar, og bidra til å utvikle berekraftige tenester for framtida.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- har godkjent utdanning som helsesjukepleiar eller mastergrad i klinisk sykepleie med fagområde helsesykepleie.
- erfaring frå skulehelsetenesta vil bli vektlagt
- har førarkort klasse B

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som:
- har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- har høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- er engasjert og har interesse for fagutvikling, samt tverrfagleg samarbeid
- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- trives i eit aktivt og travelt miljø, og bidrar til et godt arbeidsmiljø

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Kontaktpersonar:
Marita Måge, Einingsleiar, mobil: 98809935,
Tonje Lindborg, avdelingsleiar skulehelsetenesta, mobil: 46937521

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Med ny E-39 som åpner i 2022, kjem du frå Bergen til kommunesenteret på Osøyro på under 20 minutt.Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette. Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Sted
Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marita Måge
Telefon
98 80 99 35
Kontaktperson
Tonje Helland Lindborg
Telefon
46 93 75 21
Følg firma
491 følger dette firmaet

Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 350984321
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse