2 barnehagelærarar

Arbeidsgiver
Bykle
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Til deg som ønskjer å bo på fjellet og samstundes ha verdas beste jobb! Vi har ledig to vikariat som barnehagelærer frå 01.08.24-31.07.25 eit i Bykle barnehage og eit i Fjellgardane barnehage. Barnehagane våre er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du må gje mykje av deg sjølv og dine kunnskaper. Det er små barnegrupper i barnehagen og god vaksentettleik. Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein medarbidar som tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
  • Vi ser etter ein medarbeidar som er leiken og har humor.
  • Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
  • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
  • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
  • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
  • Du må like å vere ute og gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar

PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
  • Utvikling og fagleg påfyll, personalmøter kvar månad og avedelingsmøter kvar 4. dag
  • Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting

Andre opplysningar

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 1000  innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 180 tilsette

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Caroline Rysstad
Stillingstittel
Tjenesteleder
Telefon
93 42 14 94
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 350975341
Sist endret 30. apr. 2024 15:23

Rapporter annonse