Inaktiv

Produksjonsleiar i Ål - bli med på å forma jernbanen i framtida

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Stillingstittel
Produksjonsleiar
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bane NOR

Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid mellom leiinga og tillitsvald. Er det deg eller nokon du kjenner? Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar i ein operativ organisasjon, og som har forretnings- og økonomiforståing. Viss du i tillegg har høgare utdanning, spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel. Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Du vil inngå i avdelinga vår i Ål.

Du er proaktiv og ein lagspelar som har evne til å leia ei operativ avdeling. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team. Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat. Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medvite rolla di som leiar. Som produksjonsleiar er du sentral i rolla for produksjon på strekninga.

Du jobbar tett med driftsleiaren, andre produksjonsleiarar og planleggjarane til strekninga, og du tek sjølvstendig styring i utpeika prosjekt og arbeid. Du er ein dyktig leiar som vil ha personalansvar for kompetente fagarbeidarar. Du er målretta, og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå planlegging til evaluering av gjennomført arbeid.



Hos oss får du

Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - med fleksibel arbeidstid og eit sosialt miljø med m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og Vy tog. Me har også:

  • Høve til å jobba noko heimanfrå
  • Permisjonsordninger som møter behovet ditt
  • God seniorpolitikk


Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.



Arbeidsoppgåver

  • Lederansvar med personalansvar
  • Sørgja for god utnytting av ressursar, m.a. turnusplanlegging
  • Lede produksjon og sikre effektiv planlegging
  • HMS-ANSVAR og oppfølging
  • Kurs- og kompetansestyring
  • Økonomioppfølging
  • Analyser, rapportering og oppfølging av drifta
  • Stedfortreder for driftsleiar
  • Andre oppgåver kan tilleggjast stillinga
  • Noko reiseverksemd må påreknast


Dette trur me du treng for å lykkast og trivast

  • Høgare utdanning på bachelornivå/ Teknisk utdanning (ingeniør, teknisk fagskule eller liknande)
  • Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet
  • Ledelseserfaring med organisasjonar i endring er ein fordel
  • Erfaring med arbeidsleiing og prosjektgjennomføring


Kjekt å vita

Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande. Kva betyr desse verdiane for deg?

Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vil du setja verkelege spor, håpar me du tek kontakt med oss!









Om arbeidsgiveren

Bane NOR har ansvaret for jernbaneinfrastrukturen i Noreg. Me realiserer ønsket i samfunnet om jernbanevekst og bidreg til eit berekraftig samfunn. Me er eit statsføretak med hovudkontor i Oslo og 5000 tilsette i heile landet. I Bane NOR jobbar me for å forbetra og modernisera jernbanen, så fleire kan reisa effektivt og trygt med tog. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsinga.

Sektor
Offentlig
Sted
Vestlivegen 2, 3570 Ål
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse,
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steffen Rykke Stabæk
Telefon
48 03 61 98
Kontaktperson
Steffen Rykke Stabæk
Stillingstittel
Strekningssjef
Telefon
48 03 61 98
Følg firma
4518 følger dette firmaet

Vestlivegen 2, 3570 Ål

Annonseinformasjon

FINN-kode 350960878
Sist endret 14. mai 2024 14:35

Rapporter annonse