Inaktiv

Undervisningsstilling Kjemiprosess- og laboratoriefag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling Kjemiprosess- og laboratoriefag
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Undervisning på Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag og funksjon som kontaktlærar

Arbeidsoppgåver

Undervisning på Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag

Kvalifikasjonar

Relevant teknisk utdanning, fagskuleingeniør/ingeniør, fagbrev innan kjemiprosess-faget og relevant praksis frå fagområdet.
Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.
Gode digitale ferdigheiter.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein kollega med rett undervisningskompetanse som ønskjer å bli ein del av kollegiet ved Høyanger vidaregåande skule. Vi er kjent for eit godt arbeidsmiljø og er svært opptekne av gode relasjonar mellom lærar og elev.

Du må ha samarbeidsevner og vere villig til å dele kunnskap. Vi jobbar tett på lokalt næringsliv, og har eit godt samarbeid ved utplassering i YFF og overgang frå Vg2 til Vg3. Vi er difor ute etter deg som er løysingsorientert og som er oppteken av å skape resultat saman med andre.

I tillegg til gode digitale ferdigheiter, må du også kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg.

Meir informasjon om skulen finn du på skulen si heimesidehttps://www.hoyanger.vgs.no

Vi tilbyr

- 100% undervisningsstilling med oppstart 01.08.24
- Lønn etter gjeldande regulativ.
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
-Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka av gjeldande reglar

Andre opplysningar
Til alle stillinga er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsettjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid blivarsla førsøkjarlista vert offentleggjort.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Søknad med fullstending CV skal sendast elektronisk.
Vitnemål og attestar skal leggast ved eventuelt intervju.
Det vert teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Hjetland 1, 6993 Høyanger
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

KJemiprosess- og laboratoriefag, Vidaregåande skule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ståle Walsvik
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
99 39 89 89
Følg firma
1081 følger dette firmaet

Hjetland 1, 6993 Høyanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 350956815
Sist endret 16. mai 2024 00:00

Rapporter annonse