Inaktiv

Vil du vera med å utvikle Trollskogen barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent ved Trollskogen barnehage - Bjørnafjorden kommune
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig 100 % vikariat som fagarbeidar/assistent ved Trollskogen barnehage frå 01.08.2024 - 31.07.25.

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på voksen rolla i uteleiken. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsstad
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 7 tilsette og 23 barn fordelt på 2 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
  • Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
  • Vera brukar og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform.

Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:

  • Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
  • Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
  • Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent

Nøkkelord

Fagarbeider, Fagarbeidar, Assistent, Barnehage, Barnehageassistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mariann Gjerdevik
Telefon
97 58 87 13
Følg firma
491 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 350956730
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse