Inaktiv

Pedagogisk leiar Trollskogen barnehage

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar Trollskogen barnehage
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast stilling som pedagogisk leiar i 100 % stilling frå 01.08.24.

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng pedagogisk leiar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er å jobbe for å forebygge og stoppe krenkingar/sosiale ubalansar, berekraftig utvikling, trafikktryggleik, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 7 tilsette og 23 barn fordelt på to avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte avdelinga i tråd med lover, forskrifter og barnehagen sine planar
  • Pedagogisk og administrativ leiing av avdelinga
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet
  • Leie avdelinga med utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
  • Rettleiing av tilsette på avdelinga
  • Bidra aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid
  • Legge til rette for eit godt samarbeid med føresette
  • Aktiv deltaking i barnehagen sitt leiarteam
  • Ansvar for felles oppgåver i barnehagen

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
  • Har god digital kompetanse
  • Har gode leiareigenskapar og stor arbeidskapasitet
  • Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
  • Er kreativ og engasjert
  • Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • Har eit stort engasjement for barnehagefaget med vekt på utemiljøet som læringsarena
  • Vil jobbe aktivt for barnehagen sitt overordna mål om å "Spre glede"

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar.Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- "godkjenning av utanlandsk høgare utdanning"
- "godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage"
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Nøkkelord

Leiar, Leder, Pedagog, Barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mariann Gjerdevik
Telefon
97 58 87 13
Følg firma
491 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 350953948
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse