Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa barneskule
Stillingstittel
Undervisningsstilling Fusa barneskule
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig ei 100% undervisningsstilling, vikariat, frå 14.08.2024

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa barneskule er kommunal barneskule for Fusa, Vinnes og Strandvik. Skulen er firedelt og har 47 elevar i 1. til 7. trinn skuleåret 2023 - 2024. Visjonen vår er "Vekst og glede i leik og læring". Skulen vart bygga kring 1920 med tilbygg på 1980-talet og ombygging i 2006 og 2010. Skulen ligg fint til i skogkanten med utsyn til fjord og fjell. Vi jobbar for å leggje til rette for at elevane skal vere aktørar og medspelarar i læringa, der dei opplever å høyre til i eit positivt og trygt fellesskap. Skulen sitt nærmiljø er ein viktig arena for læring, og skulen har gode uteområde for undervisning i uteskule. Det er også svært gode turmoglegheiter i skog, fjell og ved sjø. Vi arbeider kontinuerleg med samarbeid, respekt, toleranse og kreativitet. Vi er opptatt av å leggje til rette for eit godt miljø i bygda og på skulen, og er glad for at vi har eit aktivt og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartnarar i nærmiljøet. Fusa barneskule er ein Gledingskule. Det betyr at vi i personalet, med elevane og foreldra, har kontinuerleg fokus på det positive vi vil ha meir av framfor det negative vi vil ha mindre av.

Du kan lese meir om Fusa barneskule på nettsida vår: https://fusa.barneskule.no/

Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire grunnskulefag på 1.-7. årssteg.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet jf. Forskrift til opplæringslova § 14-1 og § 14-2. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Det er ein fordel om du har erfaring innan opplæring. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
- likar å jobbe i team, men er òg god på å jobbe sjølvstendig.

Skulen har særleg behov for kompetanse innan musikk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Trygge kollegaer og fagleg rettleiing-Inkluderande arbeidsmiljø med mykje arbeidsglede
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; SPK.no - Statens pensjonskasse Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Gjerdevegen 40, 5641 Fusa
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Lærer, Lærar, Undervisningsstilling, Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Overå Waage
Telefon
95 74 76 50
Følg firma
491 følger dette firmaet

Gjerdevegen 40, 5641 Fusa

Annonseinformasjon

FINN-kode 350936588
Sist endret 20. mai 2024 00:04

Rapporter annonse