Mekanikar på jakt etter nye utfordringar? Frydenbø Bil i Ørsta høyrer gjerne frå deg!

Arbeidsgiver
Ørsta
Stillingstittel
Mekanikar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

I hjartet av Sunnmørsalpane ligg Ørsta. I hjartet av Ørsta ligg Frydenbø Bil, og hos oss har vi no ledig jobb som mekanikar. Kanskje kunne du tenkt deg ein spennande jobb hos oss?

Frydenbø Bil i Ørsta er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og Skoda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.

Vi søkjer etter ein positiv og imøtekomande person som har lyst å jobbe på anlegget vårt i Ørsta, i lag med våre kunnskapsrike og trivelege kollegaer. Det er ikkje eit krav, men det er ein fordel om ein har PKK- og el-bil-kompetanse.

Volkswagen viser veg når det gjeld innovasjon og teknologi, og er langt framme i utviklinga av framtidas framkomstmiddel. Som tilsett i Frydenbø Bil får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.

Typiske arbeidsoppgåver er:

  • Fagtekniker/HV ekspert
  • Diagnose og feilsøking
  • Reparasjonar og mekanisk arbeid
  • Service og vedlikehald
  • Montering av ekstrautstyr

Vi tilbyr:

  • Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
  • Gode utviklingsmoglegheiter, på ny og spennande teknologi
  • Eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. inkl. helseforsikring
  • Støtte til trening
  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
  • Tilgang til firmaleilegheiter/hytter

Høyrest dette spennande ut? Ikkje kvi deg på å ta kontakt med Jan Sindre Brautaset, tlf. 906 74 895, for meir informasjon om stillinga.

Søknadsfrist: 09.06.24

Om arbeidsgiveren

Frydenbø Group er et familieeid konsern med hovedkontor på Damsgård i Bergen. Konsernet er en betydelig aktør innen forretningsområdene; Bil, Industri, Eiendom og Marine. I 2019 ble NXT etablert som den femte enheten. Frydenbø Group har totalt rundt 900 medarbeidere og omsatte i 2022 for over 4 mrd. kr. Frydenbø Groups kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse". Felles strategiske fokusområder: Team, Kundereise og Bærekraft.  



Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, BYD, Maxus, Audi, Skoda og Volkswagen. Vi driver Polestar Space og Lotus butikk i Bergen. I tillegg er vi majoritetseier i EV Services AS, et selskap som spesialiserer seg på reparasjon av elektriske biler, samt deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,2 mrd. i 2022.


I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.




Sektor
Privat
Sted
Anders Hovden-gata 14, 6150 Ørsta
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Bil- og bildelproduksjon,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Mekanikk og installasjon,
Teknisk personell

Nøkkelord

mekanikar, Volkswagen, service, teknikar, Pkk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Sindre Brautaset
Stillingstittel
Servicemarknadssjef
Telefon
90 67 48 95
Følg firma
17 følger dette firmaet

Anders Hovden-gata 14, 6150 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 350936478
Sist endret 16. mai 2024 09:23

Rapporter annonse