Vil du jobbe med samfunnsutvikling og samskaping og forme framtida saman med oss her i Vestnes kommune?

Arbeidsgiver
VESTNES KOMMUNE
Stillingstittel
Ingeniør - Veg/Avløp
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med VESTNES KOMMUNE

Stillingstype

Vestnes kommune har ledig 100 % fast stilling som ingeniør med kommunal veg som hovudområde.

Har du lyst til å jobbe i den vakre kommunen vår med å tilrettelegge for gode trafikkløysingar for framtida? Dette inneber løysingar både for køyrande og mjuke trafikkantar i eit klima – og folkehelseperspektiv. I Vestnes kommune vil du få eit breidt ansvar for oppgåver du sjølv kan utvikle og sette ditt preg på.

Arbeidsstad

Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks- /miljø- /vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar. I tillegg har vi ansvar for grøntområder,

avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmåling, GIS adressering, brann feiing og tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere drift og vedlikehald av kommunen sine vegar - om lag 97 km.
  • Gjennomføre innkjøp av varer og tenester knytt til vegdrifta, og vere kommunen sin kontaktperson overfor entreprenørar og andre som utfører tenester for kommunen.
  • Planlegging og prosjektleiing av nyanlegg og renovering.
  • Hovudansvar for kommunen sin vegdatabase for økonomisk optimalisert vegvedlikehald – "ROSY"
  • Vere saksbehandlar for vegsaker, som t.d. skiltplaner, graveløyver, trafikktryggingsprosjekt mm.
  • Delta i arbeid med drift og anlegg av kommunen sine avløpsanlegg.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor.
  • Relevant kompetanse og arbeidserfaring innan fagområdet er ønskeleg, men nyutdanna vert også oppmoda om å søke.
  • Det er ønskeleg med erfaring i bruk av GIS- programvare.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Engasjert i det aktuelle fagområdet
  • Gode samarbeidsevner
  • Vere strukturert og nøyaktig
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
  • Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
  • Personleg eigenskapar vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit breidt spekter av arbeidsoppgåver og gode faglege utviklingsmulegheiter.
  • Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjement og høg kompetanse.
  • Anledning til å være med på å påverke morgondagens samfunn.
  • Fleksibel arbeidstidsordning med bruk av heimekontordagar.
  • Et godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø med gode faglege diskusjonar og stor takhøgde.
  • God anledning til kompetanseheving/etterutdanning
  • Løn etter avtale

Tilsettingsvilkår

  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
  • Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
  • Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt

elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke - Midt i blinken mellom Molde og Ålesund. Vil du være med og forme framtida saman med oss her i Vestnes kommune?

Sektor
Offentlig
Sted
Brugata 10, 6390 Vestnes
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Miljøtjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

ingeniør, avløp, rådgivende ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Emil Balstad
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
48 12 54 80
Følg firma
9 følger dette firmaet

Brugata 10, 6390 Vestnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 350869696
Sist endret 29. apr. 2024 19:41

Rapporter annonse