Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til sjukeheimen og heimetenesta på Leikanger.

No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.

Som sjukepleiar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta vert du del av fagleg dyktige team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar m.m.

Leikanger sjukeheim har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Sjukeheimen har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat, og ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden. Sjukeheimen har fagsutviklingssjukepleiar som jobbar målretta og kontinuerleg med fagutvikling, internundervsining og prosedyrar.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til bebuarane og brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

Om stillinga:

Leikanger sjukeheim har ledig følgjande stilling:

  • 100% fast stilling i turnus frå 01.05.24
  • 100% fast stilling i turnus, delt mellom sjukeheimen og heimetenesta 50/50.

For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med lenger helgeintervall.

Arbeidsoppgåver:

· Sjukepleiefaglege oppgåver på sjukeheimen, blant anna sårstell, intravenøs, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering og lindrande behandling.

· Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL

· Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.

· Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.

· Vurdere behov og planlegge pleie og tiltak i primærteam og i samarbeid med bebuar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.

· Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga

· Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ivareta godt pårørandesamarbeid

· Legemiddelhandtering og administrering

Sentrale ansvarsområde:

· Pasientflyt

· Pasientjournalsystem

· Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta

· Medikamenthandtering

· Legevisittar

· Tverrfagleg samarbeid

· Velferdsteknologi

Kvalifikasjonar:

· Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.

For stillinga i heimetenesta er det eit krav om førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar:

· Er løysingsorientert og positiv

· Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar

· Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig

· Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Taklar ein uforutsett arbeidskvardag

· Er ansvarsfull og serviceinnstilt

· Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet

· Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Me tilbyr:

· Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.

· Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

· Lønn etter tariff

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Årsturnus med 3. kvar helg med moglegheit for langvakter og lenger helgeintervall.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor
Offentlig
Sted
Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

sykepleier, sjukepleiar, institusjon, omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Solrun Njøs Amundsen
Telefon
90 72 63 70
Kontaktperson
Tone Bjåen
Telefon
90 72 63 70
Følg firma
57 følger dette firmaet

Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 350795914
Sist endret 29. apr. 2024 11:36

Rapporter annonse