Inaktiv

Fagingeniør Blodbank

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Fagingeniør Blodbank
Frist
13.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Ønskjer du ein variert arbeidsdag der ingen dag er lik? Dette kan vere arbeidsplassen for deg!

Laboratoriet ved Odda sjukehus har ledig stilling som fagingeniør i blodbanken.

Hos oss blir du ein del av et engasjert og fagleg dyktig team ved Odda sjukehus. Sjukehuset er et mindre akuttsjukehus kjent for sitt tette tverrfaglige samarbeid med dei ulike avdelingane og poliklinikkane. Vi har et godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidare. Du vil få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag og bidra aktivt til forbetring og kvalitetsutvikling innanfor våre rammer.

Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen vårt team! Ta gjerne kontakt for en uformell prat, eller send inn søknaden din!
Litt om plassen vår:Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend for sin vakre natur. Her finn du fotturar for alle, som Trolltunga, og andre aktivitetar som brevandring, kajakk, sykling, fruktgårdar, museum og festivalar.


Arbeidsoppgåver

Delansvar for blodbank saman med fagansvarlig ingeniør:

  • Nyregistrering av blodgivere
  • Hygienekontroll og mottakskontroll av celler
  • Bestilling av blodgivergaver
  • Ansvar for temperaturovervåking

Rutineoppgaver:

  • Tapping av blodgivere
  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
  • Erfaring frå blodbank er ønskeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • er fleksibel og serviceinnstilt
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Fagingeniør, Bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi Djønne
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Telefon
53 65 11 23
Følg firma
158 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 350790219
Sist endret 14. mai 2024 00:00

Rapporter annonse