Assisterende avdelingsleder demensavdeling

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Assisterende avdelingsleder Demensavdeling
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Time Kommune

Me har ledig ei nyoppretta prosjektstilling som assisterande avdelingsleiar på vår Demensavdeling på Sivdamheimen. Me ønsker ein leiar som har et brennande engasjement for demensomsorg, som trives med å ta ansvar og ha varierte oppgaver.

Oppstart i stillinga ca 15.august 2024 med varighet til februar 2026

Sivdamheimen ligg i Bryne sentrum og har kort avstand til buss-/togstasjon. Avdelinga har tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy og Vibå dagsenter med 15 plassar.

Me jobber aktivt for å kunne gje pasientane våre ein tilrettelagt kvardag med best mogleg livskvalitet.


Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet, brukarmedverknad. Me er ein fin gjeng med høg kompetanse og ein god dose humor og galskap!
Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet og me har eit tett samarbeid med demenskoordinator.


Arbeidsoppgåver

- Personal- og driftsansvar for Vibå dagsenter
- Turnusarbeid og innleie
- Rekruttering
- Ansvar for VIPS møter
- Følge opp kvalitetsavvik
- Følge opp retningslinjer og rutiner i avdelinga
- Oppfølging internkontroll og sjekklister ift dokumentasjon i Profil
- Organisering og ivaretaking av nyansatte
- Organisering av lærlinger og elever som er i utplassering
- Samarbeid med fagansvarleg sjukepleiar i avdelinga
- Innkomstmøter og oppfølging av pårørande
- Stedfortreder for avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

- Fortrinnsvis høgskoleutdanning, men dersom sterk fagleg kompetanse kan helsefagarbeiderar bli vurdert for stillinga
- Sterk fagleg kompetanse og erfaring innan fagfeltet.
- Interesse for eller erfaring innan leiing
- Gode datakunnskapar
- Fordel med turnuskunnskap og interesse for nye arbeidstidsordningar
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
- Det vert og lagt vekt på om du er personleg eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og ha gode beslutningsevnar
  • Du tar ansvar for eigen utvikling og kan ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner
  • Du må vera fleksibel
  • Du må vera positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede for dei rundt deg i avdelinga
  • Det er krav om gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Hognestadvegen 41, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

assisterende avdelingsleder, sykepleier, høyskole, leder, helsefagarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mari Elise Almås
Stillingstittel
None
Telefon
93 26 81 56
Følg firma
609 følger dette firmaet

Hognestadvegen 41, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 350774913
Sist endret 29. apr. 2024 08:53

Rapporter annonse