Kontrollingeniør Loftås - Hauge

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kontrollingeniør Loftås - Hauge
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Avdeling Infrastruktur og veg (INV) utviklar kvardagsvegane i Vestland. Kvardagsvegane bind menneske og lokalsamfunn saman. Dei skaper felles identitet samstundes som dei bind oss saman med resten av landet og Europa. Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og har vi mange spennande nybygg og oppgraderingsprosjekt i åra som kjem.

Til Utbygging vest søker vi ein fagleg engasjert kontrollingeniør til å følgje mellom anna prosjektet Loftås-Hauge med kontorstad Isdalstø. I byggefasen vil kontorplass vere anleggskontoret på Osterøy.


Arbeidskvardagen hos oss

Samarbeid og oppfølging av entreprenør er ein viktig del av arbeidskvardagen til kontrollingeniørane hos oss. Du vil følge opp entreprenøren sin kontrollplan, og følge opp entreprenør på blant anna framdrift, kvalitet, målebrev og SHA.

God informasjon til naboar og tredjepartar er også ein viktig del av stillinga. Samstundes følger kontrollingeniøren opp krav frå myndigheiter i saker som til dømes grunnvatn, støv og støy.

Du vil jobbe tett med byggeleiar på prosjekta, og samarbeide med andre kollegaer på avdelinga.

Hos oss kan du forvente

Vi kan tilby deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med mykje ansvar. Det vi gjer betyr mykje for innbyggarane og omgivnadane.

Vi set verdiane våre; open, modig og kompetent høgt. Vi støttar og utfordrar kvarandre i kvardagen. Eininga har eit svært godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer. Det er gode moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling.

Hos oss er det betalt overtid, fleksitid og sommartid. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Kven vi ser etter?

Du har relevant høgare utdanning. Dersom du har allsidig praksis kan vi sjå bort frå utdanningskravet. Det er ein fordel med erfaring med vegbygging / samferdsel. Vi ønsker også å høyre frå deg om du er nyutdanna.

Gode IT-kunnskap er naudsynt, og det er ein fordel om du har erfaring med BIM. Vi har mykje kontakt med omgivnadane slik at god norsk framstilling, både munnleg og skriftleg, er viktig.

Vi ønsker oss ein kollaga som bidreg til fellesskapet, og som er god på samarbeid og struktur. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for utbygging vest Cathrine Botnevik på telefon: 93871300, eller prosjektleiar for Nordhordland og Osterøy Andreas Kolås på telefon: 922 55 979

Verdt å vite

Til denne stillinga er kompetansen din viktigare enn søknadsskriving. Du treng difor ikkje legge ved søknadsbrev til stillinga. Vi ønsker at du lagar ein utfyllande CV i jobbsøkarportalen (Webcruiter) som syner kva som gjer deg kvalifisert for stillinga.

Dersom du er aktuell for stillinga tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk som inneber at du får ringje nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønske.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for Utbygging vest Cathrine Haugen Botnevik på telefon; 938713 00. Har du heller lyst til å snakke med ein kollega tek du kontakt med prosjektleiar for Nordhordland og Osterøy, Andreas Kolås, på telefon; 922 55979.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om unntak frå søkjarlista(offentleglova § 25, 2. ledd). Då må du i så fall grunngi kvifor du ønsker det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Galteråsen 7, 5916 Isdalstø
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kontrollingeniør, vei, samferdsel, ingeniør, infrastruktur

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Kolås
Stillingstittel
Prosjektleiar Nordhordland og Osterøy
Telefon
92 25 59 79
Kontaktperson
Cathrine Haugen Botnevik
Stillingstittel
Utbyggingssjef vest
Telefon
93 87 13 00
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Galteråsen 7, 5916 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 350364271
Sist endret 27. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse