Driftsoperatørar med ambisjonar

Arbeidsgiver
Renasys AS
Stillingstittel
Driftsoperatør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Visste du at 80 % av verdas avlaup vert dumpa rett ut i miljøet? Sjølv i eit land som Noreg der vi har vakre fjordar og fjell, har naturen no fått store utfordringar.

renasys teamet er samansett av vågale, dyktige og engasjerte personar, som tør å tenkje nytt, og som verkeleg jobbar frå hjartet. Vi har tatt på oss eit enormt ansvar for å bevare, verne og forsvare jordas viktigaste ressurs – vatn.

Vi er eit sterkt og engasjert team med kontor i Førde, Stavanger og København. Vi er ein multinasjonal "start-up" med globale vekstambisjonar i åra som kjem. Du vil med andre ord få stor moglegheit til å forme di eiga stilling, avhengig av interesserer og kompetanseområde.

I vårt selskap har vi høge mål, og vi jobbar etter ein global nullutsleppsvisjon. Det er nødvendig for både oss sjølve og framtidige generasjonar. Vi søker etter dyktige fagfolk som jobbar med hjartet og som ønsker ei stilling som gjev meining. Ønsker du å delta i teknologiutvikling på områder som ingen før har rørt? Har du lyst å være med å bygge ein globalt start-up frå null till 100? Saman med oss får du denne moglegheita. Saman med oss kan du være med på å forandre verda!


Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter personar med fagbrev. Erfaring frå industrien er eit stort pluss.
  • Vi vektlegg spesielt "can do"-mentalitet, evne til å jobbe bredt og det å være løysingsorientert.
  • Gode generelle datakunnskapar og høg samarbeidsvilje.
  • Erfaring frå VA-bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Norsk munnleg/skriftleg kompetanse er eit krav. Det er også ønskeleg med fleirspråkleg kompetanse med hovudvekt på engelsk.
  • Førarkort: Klasse B


Arbeidsstad

Stillinga vil primært være i Førde i Sunnfjord, men reiseaktivitet må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Operatør av anlegg – fjernstyrt frå hovudkontor.
  • Være ein del av å bygge og skalere opp renasys sin kontrollstasjon i Førde.
  • Sjølvstendig installasjonsarbeid i felt – fortløpande problemløysing.
  • Reise ut å installere, drifte og vedlikehalde anlegg nasjonalt.
  • Driftsoptimalisering og teknologiutvikling i tett samarbeid med R&D.
  • Testkøyring, utvikling og problemløysing på eit framtidsretta styresystem/maskiner.
  • Sensortesting, komponenttesting, systemutvikling frå A til Å.


Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Ordna arbeidsforhold
  • Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande og lærerik arbeidskvardag med søkelys på personleg vekst og trivsel


Søknad og kontaktopplysningar

  • Søknad sendast og behandlast berre elektronisk, og vi ber deg derfor søke via finn.no.
  • Vitnemål, CV og attestar lastast opp som vedlegg.
  • Alle henvendelsar behandlast konfidensielt, om ønskeleg, i innleiande fase. I samsvar med offentlegheitslova § 25 gjerast det oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Om dette blir aktuelt vil du bli kontakta av oss.
  • Vi er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, hull i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.


Om renasys

Vi er eit vekstselskap som har utvikla ein revolusjonerande filtreringsløysing som eliminerer opptil 99 % av partikkelforureininga i vatn, uavhengig av industri og skala. Vi er i den mest spennande og krevjande fasen frå vi starta der vi no skalerar og leverar. Vi riggar oss for å brette opp armane og vise verden kva vi er gode for! Norsk teknologi vil gjere verden til ein betre stad for våre framtidige generasjonar!

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
4
Sted
Øyrane 12, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Driftsoperatør, Vann og avløp, Klima, elektriker, mekaniker

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johan Henrik Erdal
Stillingstittel
System Engineer El. & Aut.
Mobil
46 91 19 09
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
27 følger dette firmaet

Øyrane 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 350332143
Sist endret 26. apr. 2024 17:05

Rapporter annonse