Er du ein fagleg engasjert dyrepleiar?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør ved Dyreavdelinga
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør ved Dyreavdelinga

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga er det ledig ei fast 100 % stilling som dyrepleiar på nivå som avdelingsingeniør.

Deltaking i helgevakter og beredskapsvakter inngår i stillinga.


Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking
  • Stell og tilsyn av dyr
  • Prøvetaking og laboratoriearbeid
  • Klargjering av operasjonsrom og laboratoria knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik
  • Delta i planlegging og gjennomføring av kurs i kirurgi i samarbeid med veterinær
  • Kvalitetssikringsarbeid knytt til kurs i kirurgi og dyreforsøk
  • Delta i opplæring av avdelinga sine brukarar

Det kan verte aktuelt å legge til andre arbeidsoppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad innan Dyrepleie
  • Autorisasjon som dyrepleiar eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke
  • Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Søkjar må vere fagleg dedikert
  • Søkjar må vere fleksibel og kunne delta i avdelingas rullerande helge- og beredskapsvakter
  • Søkjar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav

Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk med interesse for forsking og undervisning. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. I tillegg har du digital kompetanse og evne til å tilegne deg nye ferdigheiter. Vi ser etter deg som har evne til problemløysing, er serviceinnstilt og imøtekommande.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 53 - 58 (kode 1085) i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 524.700 - 565.900,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: leiar av Dyreavdelinga professor Lise Madsen på e-post lise.madsen@uib.no eller veterinær Suzanne Brandt på e-post suzanne.brandt@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Veterinær og dyrepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1205 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 350282714
Sist endret 26. apr. 2024 07:07

Rapporter annonse