Vi vil bli kjent med deg som leverer eineståande kundeopplevingar og synest sal og rådgiving er kjekt!

Arbeidsgiver
Sparebanken Vest
Stillingstittel
Rådgiver PM Leirvik
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Vest

Rådgivar privatmarknad Sparebanken Vest, Stord

Er du motivert for spennande utfordringar og personleg utvikling? Likar du å identifisere moglegheiter og skape verdiar for kundane dine? Då trur vi Sparebanken Vest kan vere rette plassen for deg!

I Sparebanken Vest blir du ein del av ei bedrift som verdset gode kollegaer, er oppteken av lagspel, og som har kundane i fokus. Vi tilbyr gode utviklingsmoglegheiter i ein av dei leiande organisasjonane på Vestlandet, og konkurransedyktige vilkår. Hos oss vil du få vidareutvikle kompetansen din, og byggje karriere i eit solid finanshus.

Bank er mykje meir enn du skulle tru. Vår bransje er stadig i utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Difor må vi heile tida tenkje nytt om korleis vi løyser kundane sine behov. Kvardagen hos oss er full av varierte utfordringar, og ingen dag er lik. Det synest vi er spennande!

Kva skal du gjere som rådgivar i Sparebanken Vest?

Gode relasjonar til kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgivar vil di hovudoppgåve vere å byggje gode og langsiktige relasjonar til kundar, og jobbe aktivt og målretta med sal og rådgiving.

Som kunderådgivar jobbar du som økonomisk samtalepartnar for eksisterande og nye kundar, og hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi for i dag, og inn i framtida. Det er oss kundane kontaktar når dei treng gode råd. Kvar rådgivar hos oss jobbar for å finne dei beste løysingane, og skal vera den som kjem med tydeleg råd. Vi bryr oss om kundane våre, og vil dei vel.

I ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane, vil tett oppfølging og kvalitet i leveransane bli endå viktigare. Som kunderådgivar vil typiske arbeidsoppgåver vere:

  • Byggje og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar – i dette ligg å forvalte og utvikle eigen portefølje, inkludert utgåande salsaktivitet. Du må like å ha resultatansvar for eigen portefølje.
  • Sal og rådgiving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester, både i telefonmøte, videomøte og fysiske møte i banken.

Kven er vår nye kunderådgivar?

Vi trur vår nye kollega har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule (finans/økonomi/administrasjon), og kan vise til erfaring med gode resultat frå sal, rådgiving og kundekontakt. Kredittfagleg kunnskap, interesse for finansielle produkt og tenester, og god kjennskap til daglegbankfunksjonar, vil vere ein fordel.

Vår nye medarbeidar er ein utprega lagspelar som raskt byggjer og utviklar gode relasjonar, internt og eksternt. Som rådgivar må du vere analytisk, proaktiv og initiativrik, for å finne dei beste løysingane for kundane. Du må vere fleksibel og evne å snu deg raskt når kundane krev det. Å vere god til å kommunisera, både skriftleg og munnleg, er viktig i denne stillinga, for å kunna gi gode råd til kundane våre.

Det er eit krav til alle kunderådgivarar i SPV å vere autorisert i kreditt, sparing og investering, og i person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autoriserte, men banken legg også til rette for deg dersom du ikkje er autorisert enno.

For oss er det viktig at du har eit nysgjerrig blikk, er ambisiøs for di eiga utvikling, og motivert for å lære saman med teamet ditt!

Arbeidsstad: Du vil bli tilsett ved Sparebanken Vest sitt kontor på Stord. Teamet du blir en del av består av 8 kunnskapsrike og engasjerte rådgivarar for privatmarknaden, som heiar på kvarandre. Vi jobbar målretta saman mot banken sin visjon om å vere Noregs beste Sparebank. Vi er samlokalisert med 4 bedriftsrådgivarar og 5 eigedomsmeklarar frå Eiendomsmegler Vest AS.

Kva no?

Kjenner du deg heime i det du las her? Ønskjer du å vita meir? Ta gjerne kontakt med banksjef Arve Havnerås, slik at vi kan bli betre kjent.

Vi gler oss til å høyra frå deg!

Vi gjer merksam på at det kan bli kravd framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40, og stadfesting frå Brønnøysundregistera om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjeldefor stillingar etter finansforetakslova §§ 16-12 første ledd b) og 16-12 andre ledd.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Borggata 8, 5417 Stord
Bransje
Bank, finans og forsikring,
IT
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Salg,
Kundeservice

Nøkkelord

Rådgiver, Kundeservice, Finansielle produkter, Kreditt, Lån

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arve Havnerås
Stillingstittel
Banksjef Stord
Telefon
95 26 58 40
Følg firma
701 følger dette firmaet

Borggata 8, 5417 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 350217379
Sist endret 2. mai 2024 13:33

Rapporter annonse