Driftsoperatør

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Driftsoperatør
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune(VLFK) har ansvar for å utvikle Vestlandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m2, og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 380 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.

Det er ledig fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Knarvik vidaregåande skule. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.

Den som vert tilsett får opplæring i drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga ved Knarvik vgs.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste


Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
  • Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
  • Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
  • Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
  • Være brannvernleiar
  • Andre oppgåver knytt til drifta

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsdrift. Erfaring kan kompensere for fagbrev
  • Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
  • Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø
  • Praktisk yrkeserfaring

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen
  • God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Byggdriftar, Elektrikar, Røyrleggjar, Driftsoperatør, Driftsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut Jordal
Stillingstittel
None
Telefon
41 63 07 22
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 350205975
Sist endret 25. apr. 2024 15:24

Rapporter annonse