sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter
- Arbeidsgiver
- Lærdal kommune
- Stillingstittel
- Ledig stilling 100% fast som sjukepleiar/paramedic
- Frist
- 20.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Lærdal kommune har ledig stilling 100% fast som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter. Stillinga vil vere i 3-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn lms) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me er også legevakt for kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Krav til utdanning:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som paramedic
- Det er eitt krav med kurs i akuttmedisin, vald og overgrep for sjukepleiarar som jobbar på legevaktsentralen
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Vidare ynskjer me søkjarar med god norsk forståing
- God formidlingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
Arbeidsoppgåver:
- Legevaktoperatør for kommunane i Sogn.
- Legevaktsamarbeid i form av å bistå vakthavande lege med blodprøvetaking, EKG, assistere ved sying, sårstell m.m
- Veilede pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
Arbeidstid:
Dei tilsette jobbar tredelt turnus, med langvakter på 12 timar kvar fjerde helg. Nattevaktene er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg.
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.
Me tilbyr:
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Aktuelle kurs vert gitt ved oppstart i stillinga
Om arbeidsgiveren
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jonatan Nesset
- Mobil
- 41 50 17 51
- Kontaktperson
- Anne Karin Brugrand
- Mobil
- 95 73 00 05
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal