Apotekteknikar

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Apotekteknikar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Ynskjer du varierte arbeidsoppgåver i eit bredt fagleg miljø?
Sjukehusapoteket i Førde er eit relativt lite sjukehusapotek med 30 ansatte; 15farmasøytar, 14 apotekteknikarar og 1 sjukepleiar. Vi har eit godt faglegmiljø, og samarbeider med dei andre sjukehusapoteka i SAV i ulikefaggrupper.

Apoteket er organisert i fire avdelingar; publikumsapotek, produksjonsavdeling,sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester (AFT).Sjukehusapoteket i Førde skal og utvida sine tenester med ASTRA-teneste(Apotekstyrt trallelegging).Den nye tenesta skal leverast til farmasituni Helse Førde, dette er det første farmasitun som skal etablerast i Helse Vest.Ein teneste vi er stolt over å skulle ta del i der vi bidreg med planlegging ogbemanning.

Vi søkjer ein apotekteknikar til 100% fast stilling
Dei fleste av medarbeidarane våre har delt stilling mellom to avdelingar ut i frå behov i apoteket og ein heilheitleg vurdering av erfaringog kompetanse hjå medarbeidar.
Vår nye kollega må vera innstilt på dette og vera fleksibel.Har du itillegg interesse for IKT og eit ønskje om å jobba med utvikling innenforIKT-området og butikkdatasystem har vi fleire spennende oppgåver. Hos oss fårdu stor variasjon i arbeidskvardagen. Vi søkjer deg som er glad i nyeutfordringar og ønskjer spennande oppgåver i samarbeid med anna helsepersonell.

Å bo i Førde
Førde ligg vakkert til ved utløpet avJølstraelva og har omlag 10500 innbyggjarar. Byen og Sunnfjord kommune harfleire tilflyttarar og satsar på sosiale og kulturelle arrangement. Førde byrpå den typiske Vestlandsnaturen med flotte fjell og fjordar og berre ein kortkjøretur unna når du Sunnmørsalpane. Byen har også eigne aktivitetstilbod tildei under 40 år, så vel som dei over.

Ved høve kan Sjukehusapoteket vera behjelpeligmed å skaffa bolig.

Vi håper du vil bli med oss på laget og søkjerstillinga!

Arbeidsoppgåver

Oppgåver i Publikumsavdelinga til dømes:

  • sal av legemiddel og andre apotekvarer i reseptur og sjølvval
  • kunderettleiing
  • varehandtering

Oppgåver i Produksjonsavdelinga til dømes:

  • varehandtering
  • logistikkoppgåver
  • tilverknad av legemiddel

Oppgåver i Sjukehusekspedisjonen til dømes:

  • forsyning av legemiddel og andre varer til avdelingar i helseføretaket, internt og eksternt
  • varehandtering
  • logistikkoppgåver

Oppgåver i Farmasitun til dømes:

  • håndtere bestilling og levering av legemiddel til sjukehuset
  • klargjering av medisintrallar
  • tilbereding av parenterale legemiddel til sjukehuset

Andre oppgåver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • du har norsk autorisasjon som apotekteknikar
  • du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffa deg som er nyutdanna
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • du er fagleg engasjert og delar din kunnskap med kollegar
  • du er positiv og serviceinnstilt
  • du er opptatt av og leverar kvalitet i arbeidet
  • du tek ansvar for eige arbeid og samhandlar godt med andre

Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Naudsynt opplæring
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø i stadig utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Apotektekniker
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

farmasi, apotekteknikar, sjukehusapotek, apotek, legemiddel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunvor Steine Tufte
Stillingstittel
Sjukehusapoteker
Telefon
41 43 69 75
Følg firma
196 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 350173355
Sist endret 25. apr. 2024 11:44

Rapporter annonse