Vil du leia eit av landets største og mest moderne setjefiskanlegg?

Arbeidsgiver
ÆNES INKUBATOR AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Ænes Inkubator AS er dedikert til å leia an i berekraftig oppdrett og utvikla innovative løysingar som bidreg til å styrkja akvakulturindustrien. Målet er å vera ein leiande aktør innan teknologi, forsking og praksis som fremjar sunn vekst i oppdrettsnæringa. Me søkjer nå etter ein kommersiell og engasjert dagleg leiar med erfaring frå havbruk. Den ideelle kandidaten vil vera lidenskapeleg oppteken av akvakultur, menneske, produksjon og teknologi. Dagleg leiar vil, forutan å jobba og leia eit høgt kvalifisert team på Ænes, også samarbeida tett med eigarane for å vidareutvikla verksemda.

Ansvarsområde:
  • Totalansvar for utviklinga og veksten til selskapet
  • Overordna ansvar for dei økonomiske resultata frå selskapet, under dette budsjettstyring, kostnadsoptimalisering og rapportering.
  • Leia, motivera og utvikla medarbeidarane til selskapet
  • Kontinuerleg forbetring og utvikling av selskapet – operasjonelt og kommersielt (LEAN)
  • Ansvarlege for at det er etablert dokumenterte retningslinjer for fiskehelse og kvalitet i bedrifta og sikre etterleving av gjeldande regelverk og kvalitetsstandardar.
  • Være synleg som leiar internt og eksternt gjennom god innsikt og operativ forståing
  • Vidareutvikle den positive bedriftskulturen som kjenneteiknar selskapet
  • God dialog med eigarar, styresmakter, leverandørar og samarbeidspartnarar.
  • Byggja og halda ved like sterke relasjonar med kundar og bransjekollegaer, og dessutan styresmakter næringsliv og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjoner:
  • Relevant utdanning på masternivå innan akvakultur, biologi, ingeniørvitskap eller tilsvarande.
  • Kommersiell legning med god økonomiforståing
  • Solid erfaring med leiing og drift av produksjonsanlegg i akvakulturbransjen.
  • God kunnskap om oppdrettsprosessar, teknologi og berekraftige praksisar.
  • Sterke leiareigenskapar med evne til å motivera og inspirera team.
  • Utmerkte kommunikasjons- og forhandlingsferdigheiter.

Vi tilbyr:
  • Ei spennande leiarrolle i eit innovativt og berekraftig produksjonsmiljø.
  • Moglegheita til å forma framtida for akvakulturindustrien gjennom innovasjon og teknologisk utvikling.
  • Konkurransedyktige vilkår og gode.
  • Arbeidsstad vil være Ænes i Kvinnherad. Noko reising må påreknast.

Tykkjer du dette verkar interessant, eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med Anne S Posner 906 91 846, eller Liv Braathen 488 49 499, begge partnarar i Bønes Virik.  Søknadsfrist er 13. mai 2024. Førespurnader blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt om ønskjeleg.
 

Om arbeidsgiveren

Ænes Inkubator AS vart stifta i 2017 av tre lokale eigare; Lingalaks, Eide Fjordbruk og Tombre, og er eit framtidsretta landbasert setjefiskanlegg som produserer berekraftig laksesmolt. Anlegget som ligg på Ænes i Kvinnherad er på 10500 kvm og består av 5 RAS-avdelingar, klekkjeri og administrasjonsbygg. Selskapet har kapasitet til å produsera om lag 3000 tonn smolt pr. år, og leverer smolt til dei tre eigarane sine som samla forsyner verda med om lag 160 millionar laksemåltid årleg. Ænes Inkubator fekk innvilga konsesjon i 2018, hadde byggjestart av produksjonsanlegget i 2020, og første smolt vart levert i april 2023.

Sektor
Privat
Sted
Ænesvegen 200, 5475 Ænes
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Matvareproduksjon og -industri,
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Produksjon

Nøkkelord

Havbruk, Oppdrett, smoltproduksjon, Ledelse, Landbasert oppdrett

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv K. Braathen
Stillingstittel
Partner
Telefon
48 84 94 99
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Anne S. Posner
Stillingstittel
Managing Partner
Telefon
90 69 18 46
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
1182 følger dette firmaet

Ænesvegen 200, 5475 Ænes

Annonseinformasjon

FINN-kode 350025848
Sist endret 24. apr. 2024 11:04

Rapporter annonse